Livet må gå vidare

Novelle om kjærlighet of forelskelse.
Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2004.02.16

Eg kan ikkje forstå at eg kunne vere så truskuldig. Kvifor kunne eg ikkje skjøne det at det ikkje var meg Jostein elska, men Herbjørg?

 

Det er akkurat som at han har stukke ein kniv rett inn i hjartet mitt. Eg klare ikkje å beskrive kor såra  eg vart når eg tok han i å kysse henne på teltturen i sommarferien.  

Eg visste ikkje kva eg skulle seie. Eg berre sprang som ein galning ut i skogen og gret. Eg har aldri gråti så mykje i  heile mitt liv.

 

Etter ei stund kom han etter meg. Han sa at han var lei for det, og spurte om vi kunne prøve og gløyme det. Eg svarte ja, dum som eg var. Eg skulle aldri ha sagt ja den gongen. For nå har han funne ut at han kan snurra meg rundt vesle fingeren sin som ein liten unge.

 

For den lille  romansen hans med Herbjørg enda ikkje på teltturen.  Han fekk masse meldingar frå ho på mobiltelefonen sin seinare også. Han sa berre at eg ikkje skulle bry meg om ho. ”Det er deg eg elskar, Ingeborg, Det er ikkje Herbjørg,” brukte han å seie når eg konfronterte han med meldingane. Etter kvart slutta eg å tru på han. Eg klarte rett og slett ikkje meir. Eg var heilt sikker på at alt han sa berre var løgn.

 

Eg bestemte meg for å gjere det slutt med Jostein. Fortel han at eg ikkje orkar å vere saman med ein som berre lyg til meg heile tida og ikkje er trufast. Men eg trudde ikkje eg kom til og klare det. Eg visste ikkje kva eg skulle seie. Jostein var min fyrste kjæraste og eg var redd for at eg skulle begynne og grine. Så eg skreiv heller eit dikt til han:

 

Slutt

Eg burde seie farvel.

Seie takk for meg og gå.

Men beina vil ikkje.

Stemmebanda nektar også å fungere.

Det er berre den kloke hjernen min som forstår,

Forstår at det er slutt.

At du har funne ein annan.

 

(diktet er hentet fra norsk tekstsamling for 10.klasse!)

 

Eg venta over ei veke med å gi han diktet, for eg var redd for at han skulle bli sint eller noko sånt. Det er ikkje det at han er så veldig farleg. Men når han blir sint, klarar han ikkje å styre seg. Han har slått meg mange gongar før. Han slår ikkje så veldig

hardt, men eg vil ikkje at han skal slå meg ein gong til for det.

 

Eg gav han diktet når han skulle gå heim, etter at han hadde vore hos meg. ”Kva er det for noko?” Spurte han undrande. ”Det er eit dikt som kjem til å gjere ei stor forandring i forholdet vårt” sa eg mens eg prøvde så godt eg kunne å holde gråten inne. ”Ja vel,” sa han berre og gjekk.

 

Etter eit par timar ringte han meg på mobilen. Fyrst ville eg ikkje ta han. Men etter kvart tok eg mot til meg og trykte på den grøne svarknappen. ”Hallo,” sa eg forsiktig. ”Hei, det er meg, Jostein,” høyrde eg i den andre enden. ”Kva meinte du eigentleg med det diktet ditt?” Eg kjente tårene pressa på. Eg hadde eigentleg berre lyst til å skrike av full hals at det var slutt og at han kunne reisa til der peparen gror. Men såpass vett hadde eg at eg ikkje gjorde det. Eg sa berre med ei roleg stemme: ”Kva trur du at eg meinte, da?” Etter å ha tenkt seg om ei lita stund, sa han: ”Eg trur du har gjort det slutt, Ingeborg”. Så pusta han djupt og fortsatte: ”Det er heilt greitt for meg, for du har rett, eg har funne meg ein annan. Eg og Herbjørg har vori saman heile tida”.

 

Eg kjende eit støkk i magen. Visste ikkje kva eg skulle gjere. Eg hadde berre lyst til å ta ein stor kniv og stikke den hardt inn i brystet og inn i hjartet for å stoppe smerta. Det har eg eigentleg lyst til no også, men eg har funne ut at å dø er ingen utveg. Livet mitt må gå vidare, same kor vanskeleg det er.

 

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst