Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Raud søndag

Raud søndag

Den rødeste dagen i hovedpersonens liv.

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
17.02.2003
Tema
Selvmord


Det er som om verda stopper opp no. Alt står stille, og eg veit ikkje riktig kor eg er, eller kva som eigentleg har skjedd. Menneska som står rundt meg er ikkje lenger synlege. Dei er grå skugger, som er i ferd med å renne bort. Grå ansikt som eg veit aldri meir vil vere klare for meg. Dei er der, og eg veit at dei hater meg for handlingane mine. Stygge blikk fer ned mot meg. Eg ser dei ikkje, men eg føler blikka deira bore seg inn i meg, som harde piler. Plutseleg strammar det seg rundt handledda mine, i det to store kvite skapnader bøyer seg over armen min.  

         

Eg gjekk nedover gata. Regnet flomma nedover ryggen min, og eg skalv. Eg visste at dei fulgte etter meg, men eg orka ikkje lenger springe frå dei. Ein  kan ikkje springe frå nokon som alltid vil springe fortare enn deg. Uansett kvar eg går vil dei vere rett bak meg. Eg høyrar skritta deira nærme seg, og eit par sekund seinare ligg eg med hovudet pressa ned i den våte, kalde asfalten. Dei harde sparka deira borer seg inn i ryggen min mens regnet piskar meg i ansiktet. Tankane mine flyr av garde. Eg kjenner ikkje noko lenger der eg ligg. Eg knip auga saman og tenkjer. Kvifor gjer dei dette mot meg? Kva har eg gjort dei? Er det fordi faren min er nazist? Sjølv om han hatar folk som er litt annleis, betyr jo ikkje det at eg gjer det. Eg har alltid prøvd å sjå det positive i situasjonen. Eg må likevel lide for noko ein annan har gjort. Kanskje det er det einaste riktige? At eg får gjennomgå pga han. Det var ikkje lenger nokon rundt meg. Eg låg aleine på bakken. Eg stirra opp i lufta og trakk ho ordentleg ned i lungene. Eg måtte streve for å få ho inn, og eg skjønte ikkje korleis eg skulle klare å leve med denne driten.


 

Neste dag satt eg på skulepulten igjen. Eg fekk ikkje lov til å bli heime. Pappa hevda at eg verkeleg var ein pyse, som lot meg knekkje så lett. Rundt meg høyrde eg viskande stemmer, og alle blikka vendte mot meg. Der eg gjekk, stakk folk hovuda saman og viska. I storefri satt eg aleine, som eg alltid gjer, og rundt meg kunne eg høyre at dei viska. Eg lukka øyra, og konsentrerte meg om å ikkje høyre kva dei sa. Over meg stod plutseleg tre store  skapnader. Eg kjente dei igjen frå kvelden før. ”Så, du fikk ikkje nok i går”, hørte eg ein av dei si. Eg såg ned i maten min, og prøvde å konsentrere meg om osten på skiva. Plutseleg satt dei seg ned ved sida av meg. ”Så, tyskarungen vil ha meir bank”, fortsatte ein av dei. Dei drog meg etter håret og det føltes som om det når som helst skulle falle av. Dei kasta meg inn på doen, og eg fekk ikkje lenger puste. Hovudet mitt var under vann, og eg følte at det stadig kom meir over meg. Eg visste ikkje kva eg skulle gjere. Eg følte selvfølgeleg at det var urettmessig, og at dei eigentlig ikkje hadde noen rett til å gjere dette. Likevel var ikkje fars handlingar riktige. Kan hende var det eg som fortente straff for alt han hadde gjort. Eg hata verkeleg dei som stod over meg. Kanskje meir ein dei hata meg. Eg visste i det augneblikken at eg ein dag måtte ta hevn.

 

Eg hugsar kvifor nå. Kvifor eg ligg her, og kvifor det akkurat nå puttes ei sprøyte inn i armen min. Ho åler seg inn i meg, og eg veit kva det betyr. Det er min skuld at eg ligg her, men ikkje min skuld at dei døydde. Eg fortente aldri livet, det visste eg. Noen er fødd til å leve, andre til å døy. Eg er ikkje ein av dei som har rett til å leve. Likevel har eg heldt meg i live i 19 år.

 

Eg hadde ikkje noko val, eg måtte gjere noko. Det einaste riktige var å hevne seg. Eg sprang heimover, opna pappas nattbordsskuff. Eg trakk fram ein diger, sølvfarga pistol, og visste at det var det einaste eg kunne gjere. Ein time seinare opna eg døra til klasserommet, og det einaste eg høyrde var skrik frå nokon der inne. Eg kunne ikkje sjå kven det var, men dei grå skuggene der inne, var ikkje menneskjer for meg. De var grå skugger som følgjer etter deg heim frå skulen, og kor enn du går.

 

Eg høyrer smellene nå. Eg har ikkje høyrd dei før, men no kjem dei inn i hovudet mitt. Eg føler noe kaldt spreie seg oppover armen min. Det var søndag 24. april 2000, og det er den raudaste dagen i mitt liv.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil