Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Eit nytt liv, -eller..?

Eit nytt liv, -eller..?

Oppgåve: Val og verdiar.

Karakter: 6

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
09.02.2003
Tema
Verdier


Solnedgangen farga den skyfrie himmelen rosa og gul. Den milde sommarbrisen leika i bjørkelauvet, og bekken song der han sildra av garde. Ein svarttrost flaug målbevisst av stad med ein makk i nebbet. Det var ein nydeleg sommarkveld, og hadde ikkje Heidi hatt det vonde ho gjekk og tenkte på, ville ho ha note den fullt ut. Slik ho gjorde det før på sommaren. Det var her det hende. Her inne blant trea og blåbærtuvene. Dei hadde vore so glade og lukkelege. Ho hugsa det som om det var i går. Dei hadde gått opp over i skogen, og funne ein slik fin stad der dei kunne sjå på solnedgangen. Rusa av den fine stemninga og blind av kjærleik, hadde dei lege med kvarandre der oppe. Der berre trea og fuglane kunne sjå dei. Heidi var so lukkeleg, og sa at ho elska han, og han smilte og kyssa ho tilbake.

 

Men i seinare tid hadde ho hatt so vondt i magen. Ho tenkte ikkje so mykje over det, anna enn at det sikkert berre var vanlege smerter. Men då ho vakna ein morgon med kvalme, slik ho hadde gjort det heile veka, fann ho ut at ho laut finna det ut. Noko stort og vondt hadde vakse i henne etter kvart som dagane gjekk. Ho prøvde å oversjå det, men klarde det ikkje lenger. Ho måtte få svar, ho måtte veta..


 

Sjokket kom uventa. Ho hadde tenkt det, freista å fortrengja det ja, men likevel hadde tanken vore der. Men ho kunne ikkje tru at det verkeleg var slik. At ho var gravid. Ho hadde berre høyrt halvvegs etter då lækjaren snakka om abort. Det ho tenkte på var at Ole måtte få veta det. Han kunne ikkje verta sint. Han hadde jo sagt at han elska henne.

 

Jenta med det mørke håret sat med ryggen lent mot ein stor stein, som såg ganske malplassert ut der den låg på eit teppe av mose og lyng. Ho hadde dei lange beina trekt opp til brystet, og haldt rundt dei med bleike armar. Sola hadde ikkje bite på henne i sommar. Den ljose skjorta blafra veikt i vinden, elles sat ho heilt stille. Augo var langt borte, bortom solnedgangen. Brått snudde ho hovudet, og eit lite smil leika om munnen.

 

Endeleg kom han. Heidi hadde venta på han lenge. Ho hadde sagt at ho ville møta han ved den store steinen, deira stein. Ole kom gåande mot ho, med hendene stukke lett hendslengt nedi lommene på den blå shortsen. –Hei, sa han og sette seg ved sida av ho, og la armen om skuldra hennar. Det skein i augo hans. Heidi fukta leppene. –Det.., det er noko eg må fortelja deg, byrja ho. Ho skulle ynskja at alt var som før. At ho ikkje var gravid. –Snakka kan me gjera etterpå, sa han leikande, og lente seg mot ho. Ho sukka medan han byrja å kyssa halsen hennar. Ho samla alt motet ho kunne finna. –Eg er gravid, sa ho, overraska over den faste tonen ho klarde å seia det i. Ole sette seg opp som om han hadde brent seg. Vantru stod skrive over heile andletet hans. –Kva? Nei, du tullar. Det er ikkje sant, sa han skarpt. Heidi kjende at tårene pressa på. Det var ikkje slik ho hadde sett det for seg. Han skulle omfamna ho, og..

– Det er ikkje sant, sa han på ny. Det var brått vorte litt avstand mellom dei. –Jo, var det einaste ho fekk fram. Han reiste seg. –Dette vil ikkje eg ikkje vera med på. Røysta hans var uvanleg kvass no. –Det er slutt. Det er slutt. Dei tre orda brukte lang tid frå øyra til dei nådde hjernen. Ho måtte bruka litt tid på å fordøya det han hadde sagt. Brått gjekk det opp for ho.

–Nei, ropte ho. –Du sa du elska meg! Men han hadde alt snudd ryggen til, og var på veg bort.

-Ole!, ropte ho. Men ryggen hans forsvann mellom trea. Det var slutt.

 

Den mørkhåra jenta lente seg tilbake mot steinen og gret. Store tårer sildra nedover det bleike andletet hennar. Skuldrene byrja å rista, og ho hiksta høglydt. Ein liten bokfink som sat på ei grein like ved sida av sette hovudet på skakke. Den vesle fuglen kunne ikkje skjøna kva det var jenta gret slik av.

 

Heidi sat på ein stol midt på kjøkkenet. Rundt ho sat foreldra, bestemora og tanta hennar, Randi. Ho hadde nettopp fortalt dei at ho var med barn. Reaksjonane var svært ulike. Mora hadde tatt seg til brystet, heilt kvit i andletet og fekk ikkje fram eit ord. Far hennar hadde reist seg og byrja å skjella ho ut. Men Randi og bestemora tok det rolegare. Heidi var inderleg glad for at ho fekk dei til å koma også. Randi hadde berre sukka, og smilt varsamt til ho. Men bestemora hadde reist seg, lagt armane rundt ho, og kjefta på sonen sin for åtferda hans.                                                        

 

No hadde dei roa seg alle saman. Mora hadde byrja å pusta normalt att, og faren hadde sett seg roleg ned. Han såg skamfull ut. Heidi pusta letta ut. Ho hadde grua seg til dette, og var glad det var over. Men no kom spørsmålet der. Spørsmålet som hadde lege i underbevisstheita hennar og gnege heilt sidan ho hadde vore hjå lækjaren. Ingen hadde sagt noko, men det var tydeleg at alle tenkte på det same. Heidi såg ned på dei knytte nevane i fanget. Knokane var kvite. Ho løyste litt på grepet, men løfta ikkje blikket ein tomme. Ho orka ikkje å sjå inn i dei bekymra andleta.

 

–Du skal vel ta abort, byrja Randi varsamt. Brått var isen bråten. Mora og faren snakka samstundes. –Klart ho skal ta abort, sa dei i munnen på kvarandre. Heidi løfta hovudet forsiktig, og såg på bestemora. Andletet hennar var heilt uttrykkslaust. Men ho smilte varmt då Heidi såg på ho. –Eg veit ikkje heilt, sa Heidi varsamt. –Du kan vel ikkje ha barn, du er jo berre 15 år, sa mora bestemt, som om diskusjonen var over. Ho gjekk bort til telefonen, og tok den opp. –Eg ringjer til lækjaren og avtalar time. Randi nikka. –Det er best det, sa ho til Heidi.

–Du kan ikkje både gå på skule og vera mor. Randi la hendene på skuldrene hennar, og såg ho inn i augo. –Det er ikkje noko å vera redd for, eg har gjort det to gonger før, sa ho lågt.

–Kva? Heidi vart svært overraska. –Kvifor det?, forlanga ho å få veta. –Kom so skal eg fortelja deg, sa Randi, og tok ho i handa og førte ho med seg ut i hagen.

 

Dei sette seg på ein raudmåla benk i skuggen frå eit stort epletre. Randi sette seg med beina i kross og la hendene på knea. –Den fyrste gongen var eg berre 17 år. Eg tok abort då eg var seks veker på veg. Kunne ikkje la det uroa utdanninga, sa ho med ein liten latter. Det vart ein pause. –Den andre gongen då?, spurde Heidi. Ho la merke til at Randi ikkje hadde lyst til å snakka om det. Ho vart lang i blikket, og Heidi kunne sverja på at ho såg noko som likna på ei tåre i augnekroken hennar. Randi hadde ikkje born. –Det var rett etter at eg og  Tor gifta oss, sa ho. –Eg vart so glad då eg vart gravid, men då eg var til ultralyd kom det fram at barnet hadde Downs syndrom. Eg orka ikkje tanken på å måtta oppdra eit sjukt barn, so eg tok abort. Randi snakka med fast røyst, men Heidi merka at ho laut kjempa for å ikkje byrja å gråta. –Som du veit døydde Tor nokre år seinare, so då vart det ikkje nokon born på meg, sa ho lett, og prøvde å smila. –Det er faktisk ganske greitt. Du får narkose, og når du vaknar opp att, er fosteret borte saman med bekymringane dine, sa ho, og klarde å smila denne gongen. Ho gjekk inn att, og let Heidi sitja att med sine noko forvirra tankar.

 

Heidi låg på senga si med handa på magen. Om to dagar skulle ho på sjukehuset. Ho syntest det var godt å verta kvitt bekymringane, men det var ei lita røyst inni hovudet hennar som hadde ropt og skrike heile tida sidan dei hadde byrja å snakka om aborten. Ho hadde for det meste oversett den, men no var den sterkare enn før. Ho hadde eit lite liv inni seg. Eit lite barn låg inni magen hennar og utvikla seg til å verta eit skikkeleg menneske. Ho hadde vanskeleg for å forsona seg med at ho skulle gjera slutt på det. At ho skulle gjera slutt på det vesle livet. Ho kjende at ho hadde ansvar for det. Det var ingen i heile verda som brydde seg om fosteret, bortsett frå ho sjølv. Doktoren, Randi og mor hennar hadde alle sagt at det berre var eit lite vesen som ikkje hadde tankar eller kjensler, og som ikkje hadde menneskeleg form eingong. Men Heidi klarde ikkje heilt å tru på det. Ho kunne kjenna at det var noko der, og på ein eller annan måte hadde ho vorte glad i det. Men ho visste at som ei femten år gammal jente kunne ho umogleg oppdra eit barn, samstundes som at ho skulle gå på skule. Ho hadde lyst til å verta journalist, og visste at det kravde mange års utdanning. Dessutan hadde Ole gått frå ho. Heidi ville ikkje vera heilt åleine om eit barn. Det skulle vera to..


 

Korridorane på sjukehuset var lange og smale. Ho gjekk med sakte steg gjennom ein av dei saman med ei sjukesyster og mora. Ho skulle inn og få narkose. På veg mot rommet såg ho inn ei dør som stod open. Der sat ei jente i 20-åra med eit lite barn i armane ut. Ho såg so lukkeleg ut. –Heidi? Mor hennar fekk ho til å gå vidare. No var dei snart framme. Ho kjende at hjarta banka oppe i halsen, og ho var heilt tørr i munnen. Ho kunne ikkje skjøna kvifor ho var redd, dette skulle gå bra. Stega vart kortare og kortare til ho brått stoppa opp. Sjukepleiaren og mora såg spørjande på ho. –Det er rett her borte, sa sjukepleiaren oppmuntrande. –Dette skal gå so fint. –Kom no Heidi, lækjaren ventar, sa mora. Heidi sto som limt fast til golvet. Ho såg frå mora til sjukesystera og tilbake til mora att. –Nei, sa ho. Mora tok ho i armen. –Slutt og tull, kom no. Ho virka litt irritert. –Nei, sa Heidi på ny. –Eg kan ikkje. Eg vil ikkje. Brått var det som om alt løyste seg opp att. Ho fekk att kjensla i beina, og eit smil breidde seg i andletet hennar. –Eg vil ikkje, sa ho og snudde seg. Med faste steg gjekk ho bortover den vegen ho kom frå. Ho høyrde at mora kom springande etter, og at ho ropa etter ho, men ho brydde seg ikkje om det i det heile. Ho sette opp farten, og då ho kom til utgangen, sprang ho nesten.

 

Ute i det fri stoppa ho. Ho gjekk bort under eit tre. Det var ein nydeleg dag, og sola skein frå den blå haust himmelen. Ein fugl som sat på ei grein i treet kvitra glad.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil