Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Eventyrets sentrale plass

Eventyrets sentrale plass

Tekst om eventyrsjangeren.

Sjanger
Resonnerende
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
06.02.2003
Tema
Om eventyr


Eventyrenes funksjon er utan tvil underhaldning. Men i eventyrene ligg det også ein dypare meinig som fortel noko om menneskelege behov og følelsar. Kanskje seier eventyret oss noko om menneskets behov for å flykte vekk frå hverdagen av og til. Det kan vere dei daglege krav vi ønskjer å gløyme, eller det kan vere ønskje om å tøye grensar og bryte lovar. Samfunnets lovar og reglar forandrer seg med tiden. Folk har ikkje dei same tabuforestillingane eller ein så bunden livssituasjon i dag som i det gamle norske bondesamfunnet. Folkeeventyrene ble opprinneleg fortald for alle aldersgruppar. Først i dei seinere generasjoner er eventyrene blitt rekna som forteljingar for barn, enten som rein underhaldning, eller som oppdragende historier der barna skal lære å skilje mellom rett og gale. Vi har folkediktning for voksne i dag også, sjølv om det skiljer seg ut frå f.eks. eventyret om Espen Askeladd og trollet. Dei fleste reknar vel med at det er lite overtro i vårt moderne samfunn. Men kven har ikkje hørt skrekkhistorier frå øde landeveger, om tomme hus eller mystiske bilar som dykkar opp og køyrer utan lys og førar i mørket?


 

Barns tilværelse skiljer seg i dag ikkje så mykje frå dei voksnes. Med fulle avtalebøker, støy døgnet rundt og utan filtreringsmekanismar mot sosiale, økonomiske og politiske omveltningar opplever barn påvirkningane og stresset på same måte som voksne, noe som kan gi hektisk uro, søvnforstyrrelser og nervøsitet. Eventyr er ein svært virkningsfull medisin mot barns angst, aggresjon, usikkerheit og mareritt. Sjølv små barn forstår budskapet: Svake kan sigre over sterke med mot og kløktigheit, sinne kan dempes med humor og forsonligheit. Eventyret har vist seg til å stimulere barna til å fortelje, skrive, teikne, lese, dramatisere, til i heile tatt å aktivisere og utvikle evnene på ein positiv måte. I og med at det finst så mange måtar å arbeide med eventyr på, er det givande båe for den som er flink og for den som er mindre flink. Eventyret er med andre ord svært allsidig. 

 

I mennesker inntek eventyret ein sentral plass, ikkje minst med hensyn til å utvikle barnas fantasi og kreativitet. Før var eventyr ein utbredt oppfatning at det fantastiske, det eventyrlege, det eksotiske, det uforklarlege, det som kunne stimulere fantasien var båe skadeleg og direkte fordervande. Eventyr er no kvardagskost i barnehagar og skular. Ein barndom utan Asbjørnsen- & Moes eventyr er for dei fleiste av oss heilt utenkeleg. Eventyrdiktninga og fortellergleda har alltid vært typiske uttrykk for norsk folkeligheit.

 

Vi har mykje å takka Asbjørnsen og Moe for sine reiser rundt i Noreg på innsamling av eventyr på 1800-tallet. Barn voksar opp med eventyr. Du har sikkert oppleve at mor eller far har fortald eit godnatta eventyr som du har sovna til. Sidan eventyr har eit standard oppsett og spesielle kjennetegn, veit barn med ein gong at det er eit eventyr. Kven vi oppdager desse spesielle kjennetegnene i ein tekst, har vi anten eit ordentlig eventyr foran oss, eller ei fortelling som spiller og leker seg med eventyrsjangeren.

 

Dei fleste eventyr er like aktuelle i dag som på den tiden dei opprinneleg er frå. Barn har i all tid hatt behov for og fått brukt den lærdomen eventyra har gjeve. Dette er kanskje ei særs viktig form for undervisning for dagens elevar, slik at dei kan drøyme seg bort samtidig som dei får lærdom. All vald og bruk av massemedia i dag overkøyrer dei unge, så eventyra kan òg vere ei harmonisk utvikling, terapi og hjelpe elevane til ei god og trygg tilpassing i samfunnet.

 

Eventyrene er med på å halde i hevd ein tradisjon og formidle ein kultur, samtidig som det skal atterspegle normane som gjeld i det samfunnet det ble skapa i. Dette løyses ved at man lagar nye eventyr som er tilegna det samfunnet man lever i. Da er det ikkje bare innhaldet og moralen som endras, men formen også. Eventyrsjangeren blir meir og meir omfattande. I 2002 dekkes vårt behov for virkelighetsflukt gjennom lygehistorier, ukeblader, romener, film, internett, rollespill og liknande.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil