Sakn

Om en innvandrer som savner Pakistan.

Karakter: 5+

Sjanger
Fortelling
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2002.11.28

Då eg hadde vore i Noreg i ein dag, merka eg det for første gong. Saknet, det forferdelege saknet. Eg hadde vore nøydd til å rømme frå Pakistan på grunn av den politiske meininga mi. Men kona mi, barna mine, brørne mine og foreldra mine måtte bli igjen i husarrest i Pakistan. Eg visste ikkje om eg nokon gong kom til å sjå dei att.

 

I Noreg måtte eg bu i eit asylmottak mens asylsøknaden min blei handsama. På asylmottaket trefte eg andre ”innvandrarar” i min situasjon. Dei hadde også måtta forlate familie og vennar i heimlandet deira. Eg snakka mykje med dei og det hjelpte meg gjennom ein vanskeleg periode. Eg fortalde dei om familien min og om ting eg hadde opplevd saman med dei. Om gode minne frå Pakistan. Og eg høyrde på kva dei fortalde, om deira heimland og deira familiar og vennar. Eg kjende det var veldig godt for meg å få satt ord på kjenslene mine. Om det ikkje gjorde saknet noko mindre, så gjorde det iallfall ting lettare for meg.

 

Eg såg lysare på framtida, eg hadde fådd nye vennar og eg høyrde rykte om at eg kunne få bli i Noreg. Noko eg kjende var det beste sidan eg ikkje kunne dra tilbake til Pakistan. Men heile tida låg saknet og gnog inst i hjartet mitt. Saknet og ønsket om at alt skulle bli som det ein gong hadde vore. Det verste var at eg ikkje kunne skrive til familien min og dei kunne ikkje skrive til meg. Eg visste ikkje korleis dei hadde det eller kva som skjedde med dei.

 

Livet gjekk vidare, det var det ingenting å gjere med. Asylsøknaden min vart godkjend og det blei også dei nye vennane mine sine. Eg fekk eit hus og ein jobb i ein butikk. Vennane mine budde i nærleiken og eg snakka mykje med dei. Etterkvart byrja eg å venne meg til å bu i Noreg og eg hadde det eigentleg bra. Mykje betre enn eg hadde trudd.

 

Men kvar kveld, etter eg hadde lagt meg, gjekk tankane mine attende til Pakistan og familien min. Eg tenkte på alle dei lykkelege augneblinkane. Som då eg gifta meg og då barna mine vart fødde. Men eg tenkte også på det vonde som skjedde. Då eg vart henta av politiet fordi eg hadde heldt ein tale der eg kritiserte måten Pakistan blei styrd på. Politimennene var brutale, dei slo meg og kona mi, førte meg hardt ut døra utan å seie nokon ting. Eg vil aldri i livet gløyme uttrykka i andleta til barna mine då politiet tok meg vekk.

 

No har eg budd i Noreg i nokre år og eg trivs godt her. Eg har nesten gitt opp håpet om å sjå familien min igjen, men dei vil alltid vere der, i hjartet mitt.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst