Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Er OL-ideala døde?

Er OL-ideala døde?

Om dagens OL, og verdiene til nåtidens utøvere sammenliknet med tidligere.

Karakter: 6/5 (VK2)

Sjanger
Essay
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
24.03.2002
Tema
OL


Det var ein gong, for lenge, lenge sida, på den tida då gudane framleis gjekk på jorda og Zevs var herre og far for gudar og menneske. For å hedre sin altskuande himmelgud laga grekarane noko dei kalla ”olympiadar”, der nokon sprang nakne rundt på ein oval bane, medan andre kasta spyd, eller diskoskular. Sigerherrane vann ein ærespris, i form av ein krans med blader frå eit hellig oliventre, seinare fekk dei vissnok pengar òg. Vinnarane blei dessutan regna som bærare av ei guddom-meleg kraft, som skulle bringe lukke til heimstaden deira.

 

No snakkar med ikkje så mykje om den guddommelege krafta til utøvarane, er det nokon som vinn har dei gjerne ei heilt anna kraft enn den som blei sendt frå Gud. Skjønt nokon ser vel på lækjarar som ein type gudar, skjønt dei står ikkje høgare enn at dei må bøye seg for loven dei heller. Allereie i 1900 blei utøvare tatt i doping, men forbodet mot doping kom ikkje før i 1960, men det skal jo seiast at metodane har blitt meir og meir avanserte med tida då skilnaden på metanol i blodet og genmanipulering av musklar er rimeleg stor…


 

Loven i OL er satt av IOC, eller den Internasjonale Olympiske komité, om du vil. I IOC sitt dei ”sortkledde herrar” med makta, og kampen om leiarplassen er stor. Ein skulle kanskje ha satt ned ein komité for å kontrollere valfusk i den kampen òg?

          

Det var ein gong, for ganske lenge sida, på den tida då krigane herja på jorda, og Hitler trudde seg herre for gudar og menneske. Då niggeren Owens sprinta, og germanarane stupte sprengt, og den blonde stadion undra seg og føraren mørkna strengt…

 

Også dagens OL er blitt kalla ”den hvite manns leikestue”. Milliardar av dollar er dei siste åra blitt bruka på å laga det gjevaste OL verda har sett. Milliardar som kunne ha sletta u-landsgjelda til mange afrikanske land, skjønt, då hadde ikkje nasjonane hatt like flotte banar å vise makt på.

 

Det var ein gong, for ikkje så veldig lenge sida, på den tida då Hjallis, den store skøytehelten på den tida blei spurt korleis han la opp løpet, då svara han: ”jeg går ut for fullt og bare øker!”, ja, det var den gongen det, no disponerar ein løpa, legg opp taktikken allereie frå seks års alderen av, og dei olympiske leiker er ikkje lenger berre ein leik, men ramme alvor. Det viktigaste er ikkje å delta, men å vinne.

 

Det var ein gong, for ei lita stund sida, på den tida då Langrennsløparane varma opp før dei store meisterskapa med å ta seg ein tur i skogen, dei åt havregrauten sin og passa på å kle seg vel. No får ikkje utøvarane gå renn den siste tida før dei skal i elden. Dei må kvile seg, restituere, og tenke over taktikken. No byggar me høgdehus til gullhåpa våre. Dei trenar ikkje lenger i ro og mak i naturen, no spring dei på ei 3D-mølle medan to-tre personar stadig spring rundt for å måle blodtrykk og kolesterol og hjarterytme og gud-veit-kva… Idrett er ikkje lenger synonymt med ordtaket ”ein sunn sjel i eit sunt legeme”, riktig nok går gullvinnarar stadig vekk ut i media og forkynner at me må ete ”fem om dagen”, men det er ikkje på eige initiativ –dei har seld seg til reklameindustrien.

 

Våre største idrettsstjerner har blitt businessmenn, suksessen er deira reklame. Dei er mangemillionærar og sporten er blitt politikk. Sjeldan får vel eit land hevda seg så mykje som under OL, sjeldan konkurrerar statar så openlyst. Om ein vinn mottek ein gratulasjonar frå fornøgde statsministarar som smilar bredt over at landet nok ein gong kjem i eit godt lys. Flagget blir heisa til topps, nasjonalsongen sunge, ein nasjonalisme utan sidestykke bølgjer over deltakarlanda i nokre veker. Måtte den beste vinne!

 

Det var ein gong, på den tida då OL framleis handla om sportsglede, på den tida då det heit at ein vann sølv, no tapar ein gullet…

 

Det var ein gong, på den tida då OL–ideala var menneske, ikkje maskinar, med rett til å vinne.

 

Det var ein gong, på den tida då reklame ikkje styrte ideala, då den beste sponsoren var mors heimelaga brød med brunost, då kosttilskudd ikkje fanst, og då det var gleda over å tangere eiga rekord som stod i sentrum, ikkje pengesekken.

 

Det var ein gong, i ei svunne tid...

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil