Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Kaffibaren

Kaffibaren

Kåseri om kaffibaren.

Karakter: 4+

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
18.03.2002

Kaffibaren er eit relativt nytt fenomen her i det vesle, kalde landet vårt. Han er ein signing i desse åndlause tider. Tida til dei store diktarane og tenkjarane syntest vera over. Det finst ingen kroer eller kafear der opprørarar oppfordrar til revolusjon, eller barar der tankegods frå Europa vert spreidd. Men no er det igjen håp. Årsak: kaffibarane. På desse stadane går det føre seg stadige ordskifte om dagsaktuelle tema. Kaffibarane har vorte ynglingsplassar for samfunnskritikarar.

 

Men kvifor har nettopp kaffibarane vorte stadane der åndseliten held seg? Årsakene er kaffeinet og VG og Dagbladet. Kaffidrikkarane les avisa samstundes med at kaffeinet aukar hjerneaktiviteten. Resultatet er openbert ein ny generasjon urbane og hippe tenkjarar. Det er akkurat det me treng i vår postmoderne tid. Me kan trekke parallellane enda lenger. Når byrja til dømes den industrielle revolusjonen, som skapa den moderne verda? Det var samstundes med at kaffiproduksjonen auka. Om det har nokon samanheng? Det skal eg tenkje på over ein kopp Kaffe Latte på den mest urbane staden i bygda – kaffibaren.

 

No er det ikkje lenger berre byane som kan vera urbane. Kaffibarane har au komi til utkantstrøka, slik at det ikkje berre er byborgarane som er med på samfunnsutviklinga. No kan au sauebonden pønske ut løysingar på utfordringane i det moderne, pluralistiske samfunnet. Han kan fundere over integrasjonen av innvandrarane, sjølv om han aldri har sett ein neger.

 

Når sauebonden går inn i ein kaffibar, trer han inn i eit miljø der urbanistar ferdast. Såleis kan kaffibarane vera med på å bygge bru mellom ulvemotstandarar og urbane miljøforkjemparar. Kanskje hadde det vore ein idé å la Yasser Arafat og Ariel Sharon møtast til forhandlingar i ein kaffibar? Eg ser for meg Arafat slurpe i seg Moccakaffi med sjokoladedryss og krem, medan Sharon tankefullt røyrar ut sukkeret i sin Cappuccino. På båe sider av bordet sit au livvaktene deira med kvar sin Cortado.

 

Kaffibarane er samlingsstadar for mange typar menneske: slaskete bohemar, nybaka aleinemødrer, unge forretningsmenn, småkriminelle, dresskledde urbanistar, og nakne ekshibisjonistar. Mangfaldet er stort. Kaffibaren er ein smeltedigel av forskjellige kulturar innan det norske samfunnet. Ein tur innom burde ha vore ein del av pensum for antropologistudentar. Det er jamstelt med ein tur til buskmennene i Kalahari.

 

Same kva framtida bringer, veit me berre ein ting med visse: kaffibaren kjem til å vere ein sentral del av utforminga og utviklinga av samfunnet.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil