Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Forelskingas Årstider

Forelskingas Årstider

Novelle basert på diktet 'Forelskingas Årstider'

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
01.02.2002

Endeleg kunne eg vere lykkeleg, det var lenge sia no. Livet har ikkje vore lett sia far min døydde, men no var eg lykkeleg frå topp til tå. Eg har aldri vore så forelska i heile mitt liv. Kvar gong eg såg meg i spegelen roda andletet mitt av blodomlaupet som samla seg i hovudet. Det hjelpte ikkje meir at ho kom bak meg og kyssa meg ømt på halsen. Då leppene hennar følte ved huda mi, kunne eg kjenne ein indre energi som sprette seg nedover halsen og vidare ned ryggraden.
Forelskinga vår var på eit intenst stadium no, og det var mange tankar som fòr gjennom hovudet, medan follekniven skar seg inn i den raude trestammen. Namna våre forma seg som vakre utsmykkingar på eit vikingskip. Hjartet rundt namna var raudt som kjærleiken, og dette var bevis på at ikkje ein einaste ting kunne skilje oss no. Ei slik god kjensle kan ikkje ”Skaparen” ta i frå oss, kjærleiken er for sterk, og han vil stå til treet fell.
Ho Lena og eg byrja kjenne kvarandre godt no. Kanskje hadde me ikkje dei same kjenslene for kvarandre, kanskje byrja kjærleiken gå over til venskap, ville ikkje dette vare evig? Spørsmåla var mange, og akkurat då desse tankane fossa gjennom hovudet mitt byrja ho skrive namna våre på veggen i seterstova. Eg kjende varmen strøyme gjennom kroppen, blodet kokte og eg blei varm i hovudet igjen. Denne kjensla hadde eg ikkje hatt sia april, og no var det august. Då forstod eg at forelskinga var djupare og meir stabil enn nokon gong. Berre tida kan viske ut namna våre no.
Sommaren forsvann like fort som han kom, men Lena fekk tida til og følast som eit stort augneblink. No byrja løva på trea å sveve dalande mot bakken, som hadde byrja slå tæl. Medan livet til blada ebba ut, samla treet krefter til nytt liv.
Mor avbraut tankane mine då ho ropte frå kjøkkenvindauget for å kalle inn til Søndagsbønn. ”…la Ditt namn haldes heilag, la Ditt rike kome…”
Ho mor var kristen, kanskje litt meir enn før etter at far min døydde, eg respekterte ho med å bli med på bøna. Sjølv om Lina budde hos oss heile våren og sommaren slapp ho å delta i bøna. I staden gjorde ho klar skøytene våre.
Ho var flink til å stelle med tinga sine, og skøytene var ingen unntak. Dei blei lagt på ei flat dreieskive, og medan ho dreia skiva rundt med beinet bryna ho dei ømtolig. Mine skøyter fekk like god behandling som hennar, om ikkje betre. Herre gud kor høgt eg elskar henne!
Det var eit stykke ned til vatnet, men vegen var grei, og snøen hadde ikkje lagt seg enno.

Det var kaldt, og me heldt rundt kvarandre, det var godt og ha nokon og varme seg på, og som kunne gi deg den kjærleiken du treng.
Endeleg var me framme, vi knytte skøytene for kvarandre, og lissene held seg fast som gnagande taumar i hendene. Men ingen ting skulle få rive meg i stykkjar. Då vi var ferdige gjekk me bortover isen hand i hand. Me stoppa opp og skar namna våre inn i isen med dei kvasse skøytene, sjølv om me visste at namna snart ville forsvinne.
Plutseleg høyrdes eit høgt brak, det høyrdes ut som eit godstog som brasa gjennom ein tunnel. Lina gjekk tvers igjennom isen, og forsvann ned i mørkret. Eg hoppa etter, men vatnet var så kaldt at blodet mitt fraus til is straks eg trefte vatnet. Eg blei tvungen til å dra meg opp. Det einaste eg følte var kulde og ein bunnlaus sorg.
Den siste tida hadde vore tøff, snøen hadde kome og han minte meg stadig på den kalde haustdagen. Kjensla mi var tung og dyster då eg gjekk mot grava. Eg titta bort på gravsteinen, ”Lina” var det rissa inn, det skulle stått ”Lina og Mari”, slik som alltid. Namnet hennar vil stå der i æve. Kjærleiken vil fortsette i himmelen, det seier mor.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil