Kjærleik

Artikkel om tre romantiske tekster fra romantikken.

Oppgave 3 fra eksamen våren 2012.

Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2012.11.20

I denne artikkelen skal eg ta utgangspunkt i desse tekstane: Utrdag frå Unge Werthers lidelser av Johann Wolfgang von Goethe, " Seterpiken og jegeren " av Bernhard Herre og " Det første håndtrykk " av Henrik Wergeland. Desse tekstane kan knytast til romantikken som periode. Her skal eg samanlikne form og innhald og vise romantiske trekk i tekstane.

 

" Det første håndtrykk " er eit kjærleiksdikt som er skrive av Henrik Wergeland. Handlinga i diktet er konsentrert om augneblinken. Det ser ein av at Wergeland beskriv om det første handtrykk i diktet. Diktet består av fem strofer. I kvar strofe er fire vers eller strofelinjer. Strofene er byge opp etter same mønsteret. Dermed kan slå fast at diktet er strofisk. " Det første håndtrykk " følgjer eit fast rimmønster. Frå tredje strofe og fram til siste strofa er det brukt parrim. Dersom ein ser til dømes på tredje, kan ein sjå på enderimar " to " og " sammensno ".

 

I dette diktet kjem kjærleiken Wergeland har for ei kvinne tydeleg fram. Han beskriv sine kjensler for ei kvinne i diktet, som handlar om det første handtrykket. Han har brukt nokre poetiske bilete for å skildre sin kjærleik. Døme på det kan vera metaforar som " Din puls har banket min imot " og " Forente var vi blod i blod ".

 

I diktet " Det første håndtrykk " kan ein sjå nokre romantiske trekk. Wergeland har forskjønna språket i diktet. Det ser ein ut i frå korleis han skildrar kjenslene sine for ei kvinne. Diktet handlar stor sett om kjenslene hans. Han skildrar sine eigne kjensler og det ser ut som om han gjer det på sin eiga måte. Han kopierar eller etterliknar ikkje av noko andre. Dette er med på å tyde at han skriv originalt i diktet.

Utdraget frå Unge Werthers lidelser av Johann Wolfgang von Goethe består stor sett av kjenslene til hovudpersonen. Det ser ut som om forfattaren har valt ein eg - forteljar. Han ser ut til å vera hovudpersonen. Teksten byrjar in medias res. Det blir ikkje presentert noko om kven hovudpersonen og situasjonen er. Ettersom teksten er fortald av ein eg - forteljar, kan ein seia at synsvinkelen er personal.

 

Kjærleiken til hovudpersonen kjem tydeleg fram. Det ser ein av skildringane hans i teksten. Han beskriv sine eigne kjensler for ei kvinne. Lesaren får sjå kor høgt han elskar henne. Det blir ikkje fortalt noko om kjenslene hennar eller om korleis ho følar seg. Han er rett og slett gal etter henne.

 

Teksten er uttrykksfull og er prega av sterke kjensler. Dette er med på karakterisere at forfattaren har nytta romantiske trekk.

 

I " Seterpiken og jegeren " av Bernhard Herre blir det fortald mykje om seterjenta. Teksten byrjar presenterande. Det ser ut som om forfattaren har valt ein forteljar i teksten. I byrjinga av teksten, ser det ut som om forteljaren er refererande. Men mot slutten av teksten, ser forteljaren ut til å vera ein eg - forteljar. Det er ikkje lett å slå fast kva rolle forteljaren har. Det kan hende at forfattaren har valt ein eg - forteljar i teksten som skal vera refererande i byrjinga og skrive objektivt.

 

I teksten ser det ut til at seterjenta og jegeren som omtalt i teksten har eit kjærleiksforhold. Det blir fortald i teksten at dei har eit søsken - forhold, som er med på å seia at forholdet deira har ingen seksuelle innvirkning. Lesaren få sjå eit bilete av kjærleiken deira.

 

Forteljaren skildrar mykje om seterjenta er. Han beskriv at ho er glade i kyr og kva ho gjer oppe i seteren. I teksten er det brukt mykje scenisk framstilling.

 

Det lesaren får sjå i denne teksten er eit bilete av kjærleiken mellom ei seterjente og ein jeger. Forteljaren i teksten ser ut til å vera ein jeger som er forelska i seterjenta og har kjærleik til henne.

 

I " Seterpiken og jegeren " kan ein sjå at nokre romantisk trekk kjem tydeleg fram. Forfattaren tok i bruk nasjonale motiver i teksten. Døme på det kan vera dal, seterjente, hytte, fjøset og fossen.

 

Tekstane " Seterpiken og jegeren ", " Det første håndtrykket " og utdraget frå Den unge Werthers lidelser handlar stort sett om kjærleik. I diktet av Wergeland og utdraget av Goethe får ein sjå kjenslene til forteljaren. Kjenslene deira ser ut til å vera sterke. Språket er forskjønna med poetiske adjektiver. Dermed med romantiske trekk tydeleg fram i desse teksaten. I " Seterpiken og jegeren " blir kjærleiken skildra på ein annan måta. Forteljaren beskriv ikkje kjenslene. Vi får sjå personane frå utsida. Men romantiske trekk kjem òg til uttrykk i denne teksten. Nasjonale motiver som seter, seterjenta, fossen, fjell og dal er brukt.

 

Det som er til likskap mellom desse tekstane er at kjærleiken til forteljaren kjem til uttrykk. Det er på grunn av måten dei fortel det på og beskriv. I diktet og i utdraget har forteljarane skildra kjenslene sine med poetiske adjektiver. Tekstene er uttrykksfulle og er prega av sterke kjenslene deira.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst