Søk i stiler
 

Norsk økonomi


Sammendrag av kapittel 13 og 14 i samfunnsfag om primærnæringene, sekundærnæringene, trekanthandel, osv.

Karakter: 5 (9. klasse)

Sjanger:Sammendrag av pensumLastet opp:02.10.2012
Språkform:NynorskForfatter:Anonym
Tema:Fag i skolen
Økonomi
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook



Kapittel 13

 

Norsk økonomi

Økonomi handlar om verdiar. Verdiar for eit land er bland anna naturressursane. Noreg har for eksempel ei lang kyststripe som gjer at vi kan bruke fisken i havet. Vi har også elvar og fossar, som gjer at vi har lett tilgang til elektrisitet. Det gjer det lettare å bygge industri. Etter at det blei funne olje i Nordsjøen (1960) har ojeindustrien blitt den viktigaste næringsvegen i Noreg.

 

Næringslivet er sett saman av ulike næringar som produserer råvarer, ferdigvarer eller teneste. Det er vanleg å dele næringslivet inn i tre hovudgrupper av næringar:
Primærnæringa, sekundærnæringa og tertiærnæringar.

 

Primærnæringane er jordbruk, skogbruk og fiske. Det er næringar som brukar ressursane som naturen sjølv skaper.

 

Sekundærnæringane bruker og fordelar vidare produkta som primærnæringane og andre naturresursar har lagd. Her finn vi industri, bergveger, olje, energi osv.

 

Tertiærnæringane produserer teneste. Her finn vi offentlig teneste som helsestell, undervisning, og private tenester (bankvesen og hotell).

Litt nærmare om dei tre ulike næringsliva:

 

Primærnæringane
Fiske
Norsk havområde er seks gonger større enn det norske fastlandet. Vi må sørga for vidare vekst i av all denne laksen og fisken osv. Slik at det vil blir ei rik næring i framtida. I 2001 rekna ein med at kvar person i verda åt om lag 16 kilo sjømat på eit år. Eksport av sjømat utgjer per i dag ca. 5 prosent av eksportinntektene til Noreg. Om lag 95 prosent av det som blir produsert i dei marine næringane, blir eksportert.

 

Jordbruk      
Jordbruk og skogbruk er ei av dei viktige næringane. Veldig mange bedrifter innanfor landbruket er utan tilsette, det vil seie reine familiebruk. Jordbruket er dessutan viktig fordi det gjer oss friske råvarer, som ikkje har blitt transportert veldig langt.

 

Sekundærnæringane
Olja blir kalla "det svarte gullet", fordi det er ei av dei viktigaste næringsvegane i Norge. Norge har ca. 0,9% av verdas olje- og gass ressursar. Statens petroleumsfond sikrar norske inntekter når det ikkje er meir olje igjen som Norge kan utvinne. Olje- og gassførekomstane varer ikkje evig, derfor er det viktig at industrien vi har i Norge blir modernisert og utvikla slik at den blir konkurransedyktig. Då kan norske bedrifter konkkurere med utanlandske bedrifter i kvalitet og pris på varene dei produserer.

 

Tertiærnæringane
Tertiærnæringane produserer service og tenestar.  I det siste århundret har det komet nye arbeidsoppgåver, som f.eks. Informasjonsteknologi og marknadsføring. Den offentlege sektoren er tenestar som blir styrt av kommunen/staten. Lønna til arbeiderar i offentleg sektor går frå skatten. Skular og sjukehus er som regel offentlege, sjølv om det finst private skular, barnehagar.

 

Liberalisme og marknadsøkonomi

Liberalisme er eit økonomisk samfunnssyn som går ut på at kvart menneske skal ha så stor politisk og økonomisk fridom som mogleg utan innblanding frå staten. Adam Smith (ein viktig grunnleggjar av liberalismen) meinte at det private initiativet og den frie konkurransen er to viktige prinsipp som staten ikkje må gripe inn i. Når bedrifter må konkurrere om kundar, vil den bedriften som tilbyr rett vare til best pris "vinne". Dersom mange vil kjøpe samme vare kan produsenten heve prisen og likevel få solgt alt. Fordi prisauken fører til at det blir veldig lønnsamt å lage. Då begynner fleire å produsere det.

 

Staten overlet økonomien til marknaden, og grip derfor heller ikkje inn i problem som arbeidsløyse, fattigdom og miljøøydeleggjingar. Men staten trengst for å halde ro og orden i samfunnet, derfor er politiet viktig.

 

Marxisme og planøkonomi
Karl Marx var ein tysk filosof som utvikla teorien om planøkonomi. I ein planøkonomi er staten svært aktiv. Staten eig nesten alle bedrifter og bestemmer kor mykje som skal produserast, og prisar på varer og tenestar. Staten kan dermed sørgje for at alle har arbeid og får dekt sine viktigaste behov.

 

Den aktive staten
John m. Keynes utvikla ideen om den aktive staten. Den skal sikre sysselsetjinga blant anne ved å setje i gang offentlege arbeid. Den bør sikre alle eit likeverdig skuletilbod, og ta ansvar for helsevesenet. Staten skal gjennom trygder og pensjonar for å sikre folk eit verdig liv når dei ikkje lenger kan ta vare på seg sjølv. Sysselsetjing tydar at folk er i arbeid.

 

Det økonomiske systemet i Noreg
Historia, kulturtradisjonane og dei økonomiske forholda i eit land er viktig for kva slags politiske ideologar som får gjennomslag i landet. I neste omgang vil det vere viktig for kva slags styreform og samfunnsøkonomisk system landet får.

 

Blandingsøkonomi
Blandingsøkonomi er blanding av marknadsøkonomi og planøkonomi. Dei fleste bedriftene er åtte av private, men staten er medeigar i somme større bedrifter. De fleste land har blandingsøkonomi, men det spørs kor aktiv staten er.

 

Den norske velferdsstaten
Den norske velferdsstaten får inntektene sine gjennom skattar og avgifter, renter og aksjeutbytte. De er hovudansvar for helse og utdanning. Noreg har eit godt utbygd trygdesystem.

 

Privatisering
Privatisering betyr at stat og kommune skal eige mindre og ha mindre ansvar, mens private skal eige meir og ha meir ansvar.

 

Arbeid - ein menneskerett
I FNs menneskerettsfråsegn og Grunnlova står det at arbeid er ein menneskerett.  Partane i arbeidslivet er for eksempel LO og NHO som forhandlar om avtalane. Arbeidslivet i Noreg blir regulert av Hovudavtalen og tariffavtalar som handlar om lønn og arbeidsforhold.

 

Avtalar i arbeidslivet
Det finst mange lovar og reglar som gjeld spesielt for arbeidslivet. Hovudavtalen mellom arbeidstakarane og arbeidsgjevarane er ei slags grunnlov for arbeidslivet. Tariffavtalane handlar om lønn og arbeidsforhold. Avtalane blir stadig forandra.

 

Kapittel 14

 

Handel
Handel er avtaler om kjøp og sal. Handelen auka pga. den industrielle revolusjonen. Koloniane sørgja for arbeidskraft og billige råvarer til kolonimaktene, noko som førte til auka handel.

 

Trekanthandelen
Trakanthandelen gjekk mellom Europa, Afrika og Amerika. Der frakta ein varer frå Europa til Afrika, der ein kjøpte slavar osv. Slik gjekk handelen. Så me kan si det gjekk akkurat som ein trekant!

 

Import/eksport
Import:
Import så kjøpar ein varar frå utlandet. Mat, klede, sko industridelar. Me importerer mest frå EU og Kina.

 

Eksport:
Eksport sel varer til utlandet. Sjømat, olje/gass, metall. Me eksporterer mest til EU. Dersom eit land importerer like mykje som han eksporterer, går rekneskapet i balanse. Noreg går med overskot, fordi landet eksporterer meir enn vi importerer.

 

Produksjon over landegrensene
Mange internasjonale selskap har hovudkontor i eit land, mens produksjonen skjer i fleire land med låge lønnsutgifter. Norsk Hydro- det første store norske industriselskapet som driv på denne måten.

 

Investere tydar å satse pengar på noko ein trur ein vil tene på. Ein kjøper då aksjar (eit verdipapir som seier at du eig ein liten del av selskapet). Går selskapet bra, tener du pengar. Går selskapet dårleg, tapar du pengar.

 

Statens pensjonsfond («oljefondet»)
Statens pensjonsfond starta i 2006 for å sikre at Noreg har pengar til å betale pensjonar i framtida. S.P skal investere i selskap som følgjer etiske retningslinjer i forhold til miljø og menneskerettar. Blir av og til kritiserte for å bryte med desse.(Burma)

 

EU er det 27 land i Europa. Der er det varer, tenestar og arbeidskraft kan bevege seg fritt innanfor EU. Det er euro. Norge er ikkje medlem.

 

WTO har 157 medlemskap. Det skal sikre fri handel med ulike varer over heile verda. Arbeidar for å gjere forholdet mellom i-land og u-land meir rettferdig i balanse.

 

Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet (IMF)
- Verdsbanken var oppretta 1944. Det er ein del av FN. Råd og lån til utviklingsland (u-land).

- Medlemslanda har makt etter kor mykje pengar dei har bidratt med.

- De skal begge kjempe mot fattigdom

- Begge utsatt for kritikk

 

Globalisering
Globalisering: varer, tenester og pengar fritt kan passere landegrensene. Nokon meinar at dette er positivt, andre er bekymra.

 

Positivt: Gir fattige land muligheiter til større velstand.
Negativt: Internasjonale selskap kan få stor politisk makt.


Kommentarer fra brukere


Ingen har lagt igjen kommentar til denne artikkelen - bli den første!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.015 sec - 1 pageviews