Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Frå eit mobbeoffer

Frå eit mobbeoffer

Et svar på et leserinnlegg om mobbing.

Karakter: 6/5 (nynorskoppgave)

Sjanger
Leserinnlegg
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
25.03.2012
Tema
Mobbing

Eg er heilt enig i innlegget til @sr96 (15): Et tastetrykk unna sjikanen. Mobbing på nett er utrolig teit! Eg tør å vedde på at mobberne ikkje har mot til å seie halvparten av det dei skriv på nett, til mobbeofferet i verkeligheita. Eg skjønner ikkje kvifor nokon skal gjemme seg bak ein maskin og mobbe andre. Skjønner dei ikkje at andre enn dei har følelser? Trur dei at dei er dei einaste som har det? Viss dei trur det tek dei nemlig feil, for eg har blitt mobbet på nett, og eg har følelser!

 

I 8. klasse begynte eg på ein ny skule med nye folk. Alt var nytt og fremmed. Etter nokon dager la dei meg til på facebook, og eg trodde eg hadde fått nye vener.Men det var så langt unna sanninga som det går an! Dei sendte meg stygge meldinger og laga nedsetjande gruppar om meg. På skulen var eg utstøtt. Då foreldrene mine fikk vite det, byttet eg skule. Eg går no i 10. klasse, men eg hugsar det framleis som om det skjedde i går, og eg blir framleis sint og lei meg når eg tenker på det.

 

Kva er det mobberne tenker når dei mobber? Det er noko eg alltid har lurt på. Føler dei seg som ein av «gjengen»? Er det verdt og kanskje ødelegge nokons liv for å passe inn? Kanskje det er synd på mobberne. Kanskje dei må snakke krenkjende til andre for å føle seg bra. På ein annen side ser dei jo ikkje ansiktet til mobbeofferet.Eg trur at om mobberne fikk sjå på offeret mens dei mobbet, ville dei sluttet. For det hadde jo vore utrolig trist om mobberne hadde vore følelsesløse, hadde det ikkje?

 

Kanskje dei berre er nokon onde vesener. Mobbing på nett er truleg noko av den verste mobbe-metoden. «Alle» kan sjå det. Er noko sagt på nettet søndag kveld, vet «alle» det på skulen mandag morgen. Kanskje det er det som gjør det gøy for mobberne. At «alle» vet det, så «alle» kan vere med å gjere narr av offeret. Er det det som er tilfelle, har eg ikkje ord for kor tragisk det er. Men viss «alle» ser det, kvifor er det ikkje nokon som står fram og seier i frå?

 

Eg hugsar eg satt dag og natt og ønsket at nokon skulle komma fram og trøste meg.At nokon skulle be mobberne dra sin veg. At eg skulle få ein ven. Men det skjedde aldri. Ikkje før eg flyttet. Derfor ber eg alle dere som leser dette: Ser dere nokon bli mobbet på nett, si i frå! Dere kjem til å gjere hverdagen lettare for nokon, og det tyder meir enn dere noensinne kjem til å ane.

 

mobbeoffer (16)

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil