Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Alt kjem til å gå bra

Alt kjem til å gå bra

Handler om en jentes forventninger, håp, savn, familie og framtiden.

Sidemålstentamen for vår 2011.

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
02.06.2011


Himmelen var blå som havet den dagen tidlig i juni. Sola sto som ei stor gul kontrast i forhold, og fuglane kvitra muntert i trea. Klukka var såvidt 12 og eg hadde sett postmannen hadde kome med posten vår frå vindauget på rommet mitt. Postmannen hadde lagt nedi noko stort, kvitt og tjukt. «Det må vere brevet mitt!» tenkte eg høgt. Eg sprang fort ned i gangen, tok på meg dei nye joggeskoa mine som eg hadde fått til bursdagen min to veker tidligare, og jekk ut. «Håper det er det brevet som eg ønskjer», tenkte eg muntert.

 

Då eg hadde gått to meter frå døra bråstansa eg. Noko slo inn i hjernen min som ei tjuekilos sekk med bly, eller noko anna tungt. Sola hadde akkurat gått bak den einaste skya på himmelen og etterlat seg heimen vår grå og ikkje så lys lenger. Fuglane kvitra heller ikkje lenger og verda vart rett og slett litt skummel i forhold til det glade augeblikket ista. «Kva om det er feil brev? Kva om framtida mi ikkje blir slik som eg vil ha ho til å bli?» tenkte eg høgt. Eg kjente at hjarta mitt byrja å slå litt fortare. Og plutseleg følte eg meg redd, som ei antilope som vert jakta på av ei løve eller ein tiger. Eg ville eigentleg ikkje gå ned til postkassa å hente brevet som avgjorde framtida mi. Men samstundes ville eg sjå kva som sto der. Kva om det sto i brevet at eg kom inn? Då ville det vera synd om eg ikkje opna det. «Eg må gjere det. Ikkje berre for meg, men for alle som har hjelpt meg med alt, familien, venner, og mamma», tenkte eg og tvang meg sjølv vidare ned til postkassa vår.


 

Mens eg jekk tenkte eg på kor fint det var mens eg var lita og alle andre kunne passe på meg. Om eg gjorde noko gale sa mamma eller pappa alltid, at det kjem til å gå bra tilslutt. Pappa sa det til og med då mamma døydde. Då ho låg i senga si, bleik og kjei etter ein lang kamp mot kreften, la pappa handa si på skuldra mi å sa «Lille-venn, det kjem til å gå bra, vi kjem til å klare oss.» No som eg tenker tilbake på det, veit eg ikkje lenger kven han prøvde å trøyste, meg eller seg sjølv. Men det gjekk bra med oss tilslutt, pappa kom over sorgen og byrja å arbeide att etter 1 år. Eg skjønte ikkje så mykje, så eg fortsette som før. Rett etter begravinga til mamma skjedde det noko underleg. Leger ville ha sagt det var innbilling, men eg er ikkje så sikker.

 

Eg sat ute på graset då eg kjende ein varm vind som snurra rundt meg. Og eg kunne kjenne den etterlengta parfymen til mamma streife nasen min. Og så høyrde eg mamma si stemme som sa «Ikkje ver redd lille venn, alt kjem til å gå bra, eg er her med dykk, og eg går ingen stad.» Dei fleste ville vorte skikkeleg redde, men eg vart ikkje det. Eg vart heller letta over at mamma ikkje hadde forlata oss.

 

Eg var nesten ved postkassa no. Ho sto å skein i ljoset frå sola som nett hadde kome fram frå skya og sto så majestetisk i den djupraude fargen. Grusen under skorne mine knasa i takt med skritta mine, og det høyrtes nesten ut som dei talte ned skritta til postkassa. 10...9...8...7...6...5...4...3...2...1... ...

 

Skorne mine hadde stoppa. Rett framfor den store raude boksen. Hjartet mitt dundra av forventing, redsel, lykke, smerte, håp og sorg. Dette var augeblikket. Eg skjønte eg at eg sto ved eit vegskilje. Noko som avgjorde alt for meg. FRAMTIDA. Det store, kvite brevet som låg i gapet på den store raude boksen avgjorde kven eg blir, kva eg blir, kor eg skal bu, lønna mi, utdanninga mi. No gjaldt det berre å løfte hendene, opne lokket, stikke den andre handa ned i opninga og ta opp brevet. Eg prøvde å gjere det eg tenkte, og det gjekk. No sto eg med brevet i den utstrakte armen min, langt ifrå resten av kroppen. Eg ville ikkje opne det. Det er for vanskeleg, og eg klarer det ikkje. Eg slapp brevet ned på graset ved sidan av postkassa, og det dala sakte men sikkert ned på bakken. Og sjølvtilliten min dala ned med det.

 

Då kjente eg ein varm vind som susa i øyrene mine. Ei velkjend vind. Og ei velkjent lukt. Mamma. Eg sto som forsteina, men hjartet mitt banka ikkje så mykje lenger. Det roa seg ned. Dette er så lenge sidan! 8 år sidan eg sist høyrde mamma si milde stemme prate til meg. No sa ho «Lille-venn. Ikkje ver redd. Brevet er ikkje noko farleg, det er jo berre blekk og papir. Så opne brevet, alt kjem til å gå bra. Du er trygg, eg er her med deg, og eg går ingen stadar.» Og like raskt som vinden kom, drog den att. Men eg vert forandra. Eg fekk mot til å klare det. Eg plukka opp brevet, og kjende at det ikkje var noko å vere nervøs eller redd for lenger.

 

Eg gjekk til ein av dei store steinane våre og sette meg ned med brevet i handa. Steinen var svart og varm etter at sola hadde varma ho eit par timar. Eg studerte det som sto utanpå først. «Mia Gardstad, 2670 otta, Norway», leste eg høgt for meg sjølv. Skrifta vert skriven med ei sirlig handskrift og med ein svart tynn penn. Øverst oppi i høgre hjørne vert det klistra 3 frimerke med bilete av ein skulebok, eit hus, som sikkert skulle vere ein skule og på det siste vert det bilete av eit brev.

 

Eg såg rundt meg ein siste gong og prøvde å hugse korleis alt såg ut. Eg ville prøve å hugse dette augeblikket for alltid. Den koboltblå himmelen, den store gule sola, det grønne graset som sola seg, det blå store huset som eg har vekst opp i, alle fuglane som kvitra muntert på bakken og oppi den enorme lime-grøne bjørka. Eg ville hugse heile familien min som han var når mamma levde og pappa, mamma, Line og eg var lykkelige samen. Eg vil ikkje hugse den vonde tida etterpå, då eg måtte gjere alt heime. Men dette er noko eg vil gjere for meg sjølv. Noko eg må. Noko eg ønskjer.

 

Eg tok skrittet, opna lemmen på brevet og trakk ut det første arket der overskrifta sto med pen skrift...


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil