Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Språk

Språk

Kåseri om vanskeligheter med språk.

Skrevet på nynorsktentamen i 10. klasse.

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
05.12.2010
Tema
Språk

Har du nokon gong opplevd at du finn deg sjølv i å ikkje fatte kva den mørkhuda junkseljaren som dukka opp foran deg sa? Ta det heilt med ro, du er ikkje den einaste. Det er ikkje alltid like lett å forstå, når både redsla, forvirringa og hungeren etter middagsmaten heime stig. Særleg ikkje når du i staden for høyrer “eg vil ha din dotter” når den store kosebamsen eigentleg seljar gift for farlege rotter. Kven hadde trudd at eit lite ord på fem ynkelege bokstavar skulle føre med seg så mange problem?

 

Ja, eg snakkar om språk. Språk har eksistert frå verdas første huleboarstønn til nåtidas frekvens på robotane. Alt har sin form for kommunikasjon. Kvifor fins det? Og kvifor så mange forskjellige? Er det berre ein utspekulert plan frå tryllekunstnaren i kvitt?

 

Men ikkje berre munnleg fins det problema i verda, vi slit også mentalt, eg meine skriftleg. Ta eksemplet om bestemora som var invitert på middag. Kva er riktig å skrive?
“No skal vi eta, bestemor.” Riktig. “No skal vi eta bestemor.” Ikkje fullt så riktig. Saken er klar, rettskriving reddar liv. Ikkje gløym punktum, husk stor bokstav med mindre det ikkje er eigennamn, ikkje våg å sløyfe komma (ja, for elles kan det jo hende vi skal spise bestemor), bindestrek berre under spesielle forhold, parantes her, legg inn sarkasme der, eller var det ironi? utropsteikn i hytt og pine, og skriv du ikkje eit utfyllande avsnitt, ja, da sitt du fint i det. Og hugs å skrive namn, dato, underskrift og kjelder overalt på sida, så lesaren verkeleg veit kven og kva tid han/ho kan komme på besøk og snakke me mora di om korleis fotosyntesen fungerar i rosane i hagen.

 

Ein annan ting er jo dei fantastiske forfattarane, eller, kåsørar som det fagleg heiter. Eit godt kåseri kan redde dagen til ein liten stakkar som meg. Dei får meg til å le, føle meg lykkeleg, bli i godt humør, eventyrleg, rusa, og kanskje ein smule tiltrekkande. Eg mediterar når eg les kåseri. Eigentleg ikkje, eg berre les dei. Det som forundrar meg mest er korleis dei klarar å lire av seg disse artige overraskingane som gjer et kåseri morosamt, som kan vere alt frå eit ordspel til eit ord eller komma som manglar. Tankane flyg allereie. Nei, kanskje eg òg kan klare det ein dag. Det gjeld å halde tunga i rett munn.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil