Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Ikkje gløym meg

Ikkje gløym meg

Ein som har ein ven som er døyande

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
24.07.2001


Eg gjekk av bussen. Strøket her var annleis enn der eg kom i frå. Husa var mindre og menneska var fattigare. Lukta var til og med annleis. Det var endå ein halv time til eg skulle vera der. Det var vel greit å koma litt tidligare den første dagen.
Eg såg pleieheimen frå vegen. Det var ein mindre bygning enn kva eg hadde trudd. "Lavendel heimen" sto det ovanfor inngangen. Det var her eg kom til å tilbringe fritida min for ei god stund framover. Livet mitt var blitt totalt forandra for nokre veker sidan.

Eg og nokon vener var på kjøpesenteret. Sjølvsagt måtte eg vera så dum at eg skulle bevisa at eg også kunne stela. Eg tok eit par øyreringar, og uheldigvis blei eg oppdaga av butikkdama. Ho meldte i frå til politiet, og foreldra mine fekk sjølvsagt vite det. Sjølv om far min er advokat, ville han ikkje støtte meg. For å gjera ein lang historie kort, blei eg dømt til 300 timar samfunnsteneste. Livet var urettferdig. Det var den første gongen eg har stole, og definitivt den siste.


- Hei! seier dama i resepsjonsskranken. Eg heiter fru. Fjeldstad. Eg er bestyraren her. Du er vel Henriette?
- Ja, eg skal gjere samfunnsteneste her.
- Og du skal avtena trehundre timar her. Du vil vel få dei unnagjort så fort som molegt?
- Ja, eg kan jobbe her kvar dag etter skulen, og kvar laurdag.
Hjartet sank helt ned til tærne. Eg kommer ikkje til å få tid til anna enn å jobba og å gjere lekser. Men det var best å få det unnagjort fort.
- Vi trenger ekstrahjelp her. Kva blei du dømt for?
- Butikktjuveri, mumla eg. Eg hatet å bruke det ordet. Kvar gong eg seier det ordet krympar eg av skam.
Det var berre meint som ein spøk. Det var berre eit par øyreringar eg tok….
Bestyraren såg på henne med eit stygt blikk.
- Nåvel…. Vi står ansvarleg for pasientanes eigendelar. Så eg vil ikkje høyre at noko er blitt borte. Forstått?
Henriette trudde knapt sine eigne øyrer. Ho blei behandla som ein simpel forbrytar!
- Du kan vera sikker på at eg ikkje kjem til å stela noko. Eg er ingen tjuv.






Ho fortalde at mine plikter var å vaske, gje pasientane mat og holde dei med selskap.
Ho viste meg rundt og presenterte meg for alle som jobba der. Alle var hyggelege.
Det virka koseleg der inne. Alle kjente alle. Det var fargerike vegger og vakre malerier på veggane. Det rare var at eg ikkje såg nokon pasientar.
kvar er alle pasientane?
- Nokon av dei kviler på romma sine, og andre er ute.
- Ute?
- Ja, det er jo ikkje noko fengsel dette her.
- Eg trudde ikkje at eit pleieheim var så ….. uformelle.
- Pleieheim? Dette er ikkje nokon pleieheim. Det er ein heim for uhelbredelige sjuke. Folk kjem her for å dø……….

(………)

-No skal du få helse på Matias, sa Polly og tok meg med til eit rom som låg for seg sjølv i enden av gangen. Polly var ein av dei ansatte. Ho var litt eldre enn meg, og hadde raudt hår med fregnar i andletet.
-Han vil sikkert ha litt selskap no.
Ein mørkhåra gut låg på senga og las i eit vekeblad.
Polly presentera oss for kvarandre.
- Eg overlet dåke to til å bli kjent.
Eg syns han var veldig tynn. Han var kledd i ein svart bukse og raud genser .
- Hei! sa han og smila til meg.
- Heisann! sa eg og smila tilbake.
Eg visste ikkje heilt kva eg skulle seie til ein som var døande. Han var berre atten år.
- Kvaslags skule går du på? spurde han.
- Eg går på Landsdale videregående.
- Korleis har det seg at du har meldt deg som frivillig på ein stad som dette?
spurde han undrande.
Eg fortalde han kvifor eg var her.
Vi snakka ei stund med kvarandre. Han var veldig grei. Det var så lett å snakka med han. Han hadde dei same bøkene som eg hadde i bokhylla, science fiction.
Vi sat lenge og diskuterte kva bøker vi likte best o.s.v.
Eg las litt for han, men han vart fort trøytt og sovna.

Tida hadde gått fort . Det var på tide å ta bussen heim.
Eg møtte Polly nede i gangen.
- Kva er det Matias lider av?
- Han har eit svakt hjarte.


- Kan han ikkje få eit nytt hjarte?
- Han har ein virusinfeksjon. Den øydela hjarteklaffene.
- Kor lang tid har han igjen?

- Dagar, månader….. det er ingen som veit……..
Eg kjende tårane pressa på og ein stor klump blei danna i halsen.
Alle dei store problema eg pleidde å ha, var ingenting i forhold til problema Matias hadde.

Kvar dag er det berre jobbing, skule og lekser. Matlysta er som oftast dårleg. Berre eg tenker på Matias og dei andre pasientane, blir eg kvalm ved tanken på mat. Bestevenninna mi, har slutta å vera med meg. Ho var vel oppteken med gutar, og dessutan har eg ikkje tid til å vera med henne. Kvar dag etter skulen går eg på jobb. Utan at eg visste det, gledde eg meg til kvar gong eg skulle jobba. Eg må innrømma at eg liker å jobba der, og eg likte Matias spesielt godt. Ein av pliktane er jo å holde pasientane med selskap, og det liker eg. Eg og Matias går små turar ilag, eg les for han, han måler ( noko han er veldig flink til ), vi speler kort og snakkar mykje ilag. Eg har vore mykje med gutar, men Matias er heilt spesiell. Han forstår meg.
Det er underleg, men eg trur eg er forelska han.

- Hei, Prinsesse! seier Matias mens han smiler til meg.
- Hei, Matias! svarar eg mens hjartet mitt byrjar å banke fortare.
Eg kan sjå at han har det vondt når han reiser seg opp i senga. Huda under augo hans er blå, og han ser tynnare ut enn før. Andletet er bleikare.
- Kjem du med mat til meg? seier han og ser på maten som noko motbydeleg.
- Ja, her er pølse og poteter.
- Eg er ikkje svolten i dag.
- Du må ete litt, svarar eg. Du må få næring i deg!
- Eg blir ikkje frisk sjølv om eg eter.
- Matias…… sa eg lavt. Føler du deg ikkje bra?
- Nei, vedgjekk han. Eg kjem aldri til å føle meg bra igjen.
- Kanskje du burde legge deg til å sove? Ein tåre piplar nedover kinnet mitt. Håper at han ikkje merker det.
Han la armen rundt skuldaren min og trakk meg inntil seg. Eg brast i gråt.
Han lot meg gråte. Vi sat lenge sånn. Til slutt ga anfallet seg.
- Unnskyld, mumla eg. Eg veit ikkje kva som gjekk av meg.
- Det gjekk vel endeleg opp for deg, ikkje sant? sa han og såg på meg.
Eg nikka. Det hadde endeleg gått opp for meg. Han skulle dø. Han kom ikkje til å vera tilstede her meir.
- Ja, det gjorde vel det.



- Sånn var det med meg også. Eg trudde det var ein vond draum, og at eg
eingong skulle vakne og alt var i orden.
No har eg godtatt det. Eg skal døy.
- Eg kan ikkje skjønne kvifor det måtte vera deg. Du er så talentfull,
intelligent, så snill mot alle menneskjer.
Kvifor måtte Gud velge han? Eg vil ikkje miste han, min bestevenn.
Han kom nærare meg, bøygde seg fram og kyssa meg varsamt på munnen.
Eg kjende ein rar kjensle i kroppen. Han trakk seg vekk, og smila til meg.
- Det har eg hatt lyst til lenge. Håper det ikkje gjorde noko.
- Nei, eg har venta på at det skulle skje. Eg veit at vi ikkje kan ha noko forhold, at det er for seint….stamma eg fram.
- Du er så fin, Henriette! Glad for at eg blei kjend med deg.
Eg såg på klokka. Den var sju, bussen gjekk om ti minutt.
- Eg må dessverre gå no. Vi snakkast i morgon. Eg gav han eit kyss på
kinnet.
- Kan du lova meg ein ting? spurde han og såg bedande på meg.

- Kva som helst. svara eg. Og det meinte eg òg. Eg ville gjere alt for han.
- Du må aldri gløyme meg. Lov meg det, prinsessa mi!
- Det kan du vera sikker på, Matias! Eg kjem aldri til å gløyme deg. Du kjem alltid til å ha ein plass i hjartet mitt.
Eg gav han eit kyss i panna, henta tinga mine og sprang til bussen.

Leksene var gjort, og eg sat på kjøkenet og åt kveldsmat med foreldra mine. Eg fortalde dei alt om Matias. Eg fortalde dei også at eg hadde planer om å fortsette å jobbe på "Lavendel heimen" etter at dei 300 timane var unnagjort.
Eg har blitt forandra den tida eg har jobba der. Eg har blitt eit betre menneske.
Telefonen ringer. Mora mi tar den. Eg høyrer at det er noko alvorleg.
Ho legger på og ser på meg med eit trist uttrykk.
Det føltes som ein kniv som skar i hjarte mitt.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil