Schindlers liste

Filmanmeldelse av "Schindlers liste".

Skrevet i 10. klasse.

Sjanger
Anmeldelse (bok, film...)
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2010.10.04

FILMEN`S TITTEL: Schindlers liste

SKUESPILLERE: Liam Neeson, Ben Kingsley, Ralph Fiennes og Caroline Goodall

REGISSØR: Steven Spielberg

PRODUSENTAR: Branko Lustig, Gerald R. Molen og Steven Spielberg

MANUS: Steven Zaillian

FILMSELSKAP: Universal Pictures

UTGJEVE: 1993

LENGDE: 195 minutter

ALDERSGRENSE: 15 år

 

Det er byrjinga i andre verdskrigen og Oskar Schindler reiser til Polen for å starte ein emaljefabrikk. Jødane der vart jaga bort frå gatene og heimane sine, og sidan løna deira blir betalt rett til nazistane er dei billeg arbeidskrafta. Schindler anset jøden Itzhak Stern som sin regnskapsfører og han får  ansvar for å tilsetje jødar til fabrikken. Stern veit at alle som ikkje er ønskelege som arbeidarar blir skutt og han forfalskar difor papir som han gjev til jødar som nazistane ikkje har bruk for. Dei blir tilsett på Schindlers emaljefabrikk.

 

 

<bilde>

Oskar Schindler.

 

Krigen fortset og det blir berre vondare og vondare. Det vart opna ein konsentrasjonsleir i nærheiten av fabrikken kor Amon Goeth var øverstekommander. Schindler, som etter kvart byrjar å tenkja meir på andre enn pengar innser kva som føregår i desse leira og gjer kva han kan for å halde arbeidarane sine. Han bestikkar Goteh og andre SS-leiarar med feste og gåver og det gjer at fabrikken hans heile tida får fleire tilsette.

 

Då Goeth ein dag får melding om at konsentrasjonsleiren skal leggjast ned blir det vanskelegare for Schindler å halde arbeidarane sine. Alle fangar og alle jødar skal fraktast til Auschwitz, inkludert Schindlerjødene. Schindler må igjen kome med store pengesummer for å bestikke Goeth til å gje han arbeidarane sine, som skal fraktast til ein ny fabrikk på hans hjemplass for å lage patronhylser. Fabrikken lagar ikkje ein hylse som går gjennom kvalitetskontrollen til nazistane, men når krigen endeleg er over har Schindler redda over 1000 liv.

 

<bilde>
  

Itzhak Stern som var regnskapsføreren til Schindler.

 

Trailer: ://www.youtube.com/watch?v=dwfIf1WMhgc&feature=fvst

 

Eg synest denne filmen er skikkeleg bra og viktig. Han viser oss ikkje berre korleis det var å vere jøde men og korleis folk vart urettferdig handsama. Eg syntest veldig synd på dei uskyldige menneska som vart drepe sjølv om dei ikkje hadde gjort noko. Vi pleier ikkje å tenkja på det og det er difor eg synst det er bra at vart laga ein slik film som får fram kjenslene til folk og at folk tenkjer på der fælt det var på den tida. Tenk om du og broren din/syster mor/far blir skilt frå kvarandre og kanskje aldri får sjå kvarandre igjen fordi du skal drepast heilt uskyldig.

 

<bilde>

 

Eg gjev denne filmen ein 5`er fordi han tek for seg eit veldig viktig tema som får fram følelsena til mange. Han er trist og skikkeleg bra etter meininga mi. Eg likar filmen òg fordi at det er mange små detaljar som får fram dei store kjenslene og ein byrjar å tenkja på kor mange som faktisk døydde i krigen. Eg tilrår filmen til alle som likar krigsfilmar, men òg til dei som likar kjensler.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst