Frankrike

En oppgave om Frankrike, med hovedvekt på historie.
Sjanger
Faktaoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2010.03.07

Frankrike er ei av verdas stormakter, og er langt framme på forsking, kultur, utdanning, turisme, det militære og mange andre område. Landet har lenge vore eit av dei aller viktigaste landa i Europa.

 

Geografisk

Frankrike ligg vest i Europa, og grensar til Andorra, Belgia, Italia, Luxembourg, Monaco, Spania, Sveits og Tyskland. På grunn av forma vert landet kalla l'hexagone (sekskanten). Frankrikes areal er på 547 030 km2. Dette er det fjerde største i Europa, og vel det dobbelte av Norge. Kystlinjaer på 3 427 km, om du berre reknar med fastlandet.

 

<bilde>

 

Landskapet er variert. Mot Belgia ligg mykje skog, mens det nordvestlege frankrike først og fremst er sletteland, men landet har òg store fjellkjedar, som Pyreane og Alpane. Mont Blanc, på 4 807 m er Frankrikes høgste fjell. Det er òg mange åsar og berg.

 

<bilde>

 

Frankrike har seks store elver: Loire, Rhône, Seine, Garonne, Meuse og Rhinen. Det nordlege Frankrike har frå gammalt av vore det mest fruktbare området, noko som er ein viktig grunn til at Paris vart hovudstad. Dyrka- og beitemark utgjer over halve arealet.

 

Historie

Frankrike har vore befolka sidan 200 000 f. kr. Frankrike har, gjennom tidene hatt mange mektige herskarar som Napoleon og Ludvig 14. Det har vorte oppdaga moderne busetnad datert 25 000 år tilbake, og holemaleri på 15 000 år. Det har vore faste busetnadar med mellom anna ein eigen religion sidan 3 000 f. kr.

<bilde>

 

Rundt 1 000 f. kr. vart riket kjent som Gallar-riket. Vi veit meir om våpena, smykka og reiskapane frå gallarane, enn noko anna folke-slag i Europa på denne tida. Grekarane og Romerane beskriv riket som geografisk stort, og styrt av ein sterk krigarkaste. Dei hadde òg ein sterk prestekaste: Druidene. Romarane rykka etter kvart inn i Frankrike, både for å beskytte seg, og for å utvide emperiet. Lyon og Toulouse var først ut.

<bilde>

 

I 52 f. kr. var Gallarane leie, og gjorde opprør mot Romarane. Opprøret vart slege ned, og Romarane tok kontroll over heile det nordlege Gallia. Etter kvart vart Romersk kultur gradvis innført i landet, saman med latin.

 

Etter at Romarriket gjekk under, tok Frankarane, ein germansk stamme over i landet, og kongar frå Capethuset, Valois og Borbondynastiet regjerte til den Franske Revolusjonen.

<bilde>

 

Storbritannia gjekk til krig mot Frankrike i 1337, og erobra nesten heile landet. Men Jeanne D'Arc motiverte den Franske hæren til å ta tilbake Paris, Normandie og Gyuennene. På 1500-talet kriga Frankrike mot både Italia og Spania. Reformasjonen førte òg til ein 30 år lang borgarkrig.

 

Etter borgarkrigen gjekk det oppover med Frankrike, både kulturellt og militært sett. Landet var på denne tida den mektigaste nasjonen i Europa, og koloniserte Afrika og Amerika. Kongen, Ludvig 14., vart seinare kjent som solkongen. Han er kjent for sitt eineveldige styre, og skal mellom anna ha sagt «Staten, det er meg». Han bygde òg palasset Versailles.

 

Den Franske Revolusjonen

Etter dei dyre krigane, stod det dårleg til med Frankrike økonomisk. Skattane vart derfor auka. Den nye kongen, Ludvig 16., var ung, uerfaren og upopulær. For å få fred med Auterrike, gifta han seg med den austerriske kongen si dotter, Marie Antoinette. Ho var frekk, egoistisk og sjølvopptatt, og var hata av det franskmenn flest.

 

Folket var misfornøgde med at adelen og presteskapet fekk særfordelar. Økonomisk krise, opprørsstemning og matmangel var meir enn kongen kunne takle åleine, så han kalte inn til Stenderforsamling. Stenderforsamlinga bestod av tre stender: Presteskapet, adelen og borgarskapet. Borgarskapet, som var den største gruppa irriterte seg over at dei fekk for lite å seie, og bestemte seg for å danne sitt eige parlament, og det vart opprør.

 

14. juli 1789 vart fengselet Bastillen storma. Direktøren og fleire vakter vart drept, og sju fangar vart frigjorte. Det var fire falsknarar, to "galningar" og ein seksualforbrytar. Storminga vart sett på som eit symbol på friheit, og 14. juli er framleis nasjonaldagen i Frankrike.

 

Etter kvart vart det danna fleire parti, Jakobinarpartiet var det største, med heile 500 000 medlemmar. Etter kvart innsåg kongen at dette berre kunne gå ein veg, og han forsøkte å rømme landet. Han vart arrestert ved Varennes dagen etter, og seinare avsett.

 

Dei andre statsoverhovuda i Europa såg med skrekk på kva som haldt på å skje i Frankrike, og Austerrike trua med å gå til krig mot Frankrike, om kongen ikkje vart gjeninnsett. Frankrike svara med å henrette den tidlegare kongen og dronninga, og krigen vara i ti år, til 1802.

 

Seinare har det vore to andre revolusjonar, i 1830 og 1848.

 

Napoleon

Napoleon gjekk på kadettskule i Brienne, krigsskule i Paris, og gjorde lynkarriere i Revolusjonshæren. Han starta i Sjølvstendepartiet, men etter ein konflikt med leiaren, gjekk han over til Jakobinarpartiet. Jakobinarane ynskte at Frankrike vart republikk, og ville ikkje ha konge. I 1796 gifta han seg med Joséphine Beauharnais, og vart general i hæren.

 

Som general hadde han stor suksess mot Austerrike i 1797. Han vart etter kvart veldig populær, og direktoriet ville etter kvart bli kvitt han. Dei gjekk derfor med på å sende ein ekspedisjon til Egypt. På vegen erobra dei Malta. Han erobra Egypt, og tok så med seg hæren mot Tyrkia. På grunn av sjukdom, måtte dei trekkje seg tilbake.

 

Napoleon reiste heim att, etter at han hadde fått melding om at Storbritannia, Russland og Austerrike hadde gått saman mot Frankrike. I 1800-1807 køyrde Napoleon mange felttog mot nabolanda, med stort hell. Han fekk òg med mange allierte mot alliansen. Han innsåg etter kvart at han ikkje kom til å ta Storbritannia, men Frankrike vart den største makta på fastlandet.

 

Men etter dette, gjekk det nedover for Napoleon. Når han skulle trekkje inn i Russland gjekk det dårleg. Når dei kom til Moskva, var byen nedbrent og folketom. Av dei 600 000 soldatane kom kun 10 000 tilbake i live. Franskmennene tok retretten hardt, og Napoleon vart kasta, og sett i eksil på øya Elba.

 

Men Napoleon klarte å overtale store delar av den franske hæren til å hjelpe han. Han tok tilbake Frankrike, og rykka inn i Belgia med 125 000 mann. Men etter nederlaget ved Waterloo, abdiserte Napoleon, og vart deportert til St. Helena, der han døydde av magekreft 5. mai 1821.

 

Verdskrigane

Frankrike var med Storbritannia i både første og andre verdskrig, og tapte mange soldatar. Store delar av første verdskrig vart kjempa i Frankrike, og tala på drepne Franske soldatar er høgt.

 

Under andre verdskrig, erklærte Frankrike krig mot Tyskland, etter at dei invaderte Polen, og vart, saman med Storbritannia, laget mot Tyskland.

 

Frankrike i dag

I dag er Frankrike ein republikk leia av Nicolas Sarkozy. Frankrike er leiande på dei fleste område (med unntak av sport...). Landet er inndelt i 26 regionar og 100 departement.

 

Klima

Frankrike grenser til sjø både i nord, vest og sør. Derfor har store delar av Frankrike eit typisk kystklima: Lite forskjell på sommar og vinter, mildt og vått. Ellers er klimaet tørt og varmt. Men kald luft frå Atlanteren fører til små temperaturvariasjonar.

 

Frankrike har for tida Vesteuropa's varmerekord. Klimaet i Normandie og Bretagne har eit klima som liknar på Storbritannia. Det sentrale Frankrike har meir variasjon, og har ofte 25-27°C om sommaren, og bevegar seg ned på minus i vintersesongen. Det sørlege Frankrike har eit middelhavsklima. Paris har ca. 619 mm nedbør i året. Byar lengre sør har meir nedbør, som Lyon, med ca. 813 mm per år.

 

Internasjonalt

Frankrike har vore ein pådrivar for mange store internasjonale organisasjonar. Dei har vore med i både FN, NATO, INTERPOL og EU sidan starten. I FN sit Frankrike med fast medlem i Sikkerheitsrådet, og har vetorett. Nicolas Sarkozy var EU-president i 2008. Hovudseta for EU og NATO ligg i Brussel, men Frankrike har INTERPOL i Lyon. FN-bygninga ligg i New York. Frankrike er eit av dei åtte landa i verda, som formelt har kjernefysiske våpen, og med i G8 og G20.

 

 

Viktige byar

 

Paris

<bilde>

Paris er Frankrike's hovedstad, og ligg nord i Frankrike, midt i Île-de-France, ved elva Seinen. Byen har vel 2 000 000 innbyggjarar, eller knappe 10 000 000 inkludert forstadar. Økonomisk er Paris ein av Europas finanshovudstadar, og La Défense tilsvarer USA's Wall Street. Byen er òg besøkt av over 30 millionar turristar kvart år, som mellom anna kjem for å shoppe, vitje Eifeltårnet, Notre-Dame, Disneyland og Triumfbogen. Den franske T-bana er gammal og vel utbygd.

 

Lyon

<bilde>

Lyon ligg i søraustfrankrike, og har eit innbyggjartal på ca. 1,7 mill. Byen er med på verdsarvlista. Byen er kjend som Frankrikes kokkehovudstad, og kjendiskokken Paul Bocouse kjem frå Lyon. Av internasjonale institusjonar, ligg INTERPOLs hovudkvarter her.

 

Marseille

<bilde>

Marseille er Frankrikes eldste by, og har landets største havn. Byen har ca. 1,5 mill. innbyggjarar, som gjer den til Frankrikes 2. største by (etter Paris). Marseille ligg søraust i Frankrike. Ellers er Marseille kjent for Opera.

 

Strasbourg

<bilde>

Strasbourg er Frankrikes 7. største by, og ligg heilt vest i landet. Det er ein forholdsvis liten by, med 250 000 innbyggjarar. Til å vere så liten, har den veldig mange kjente museum. Strasbourg er kjent for å ha FN's menneskerettsdomsstol. Innbyggjarane har generellt høg utdanning. Byen har eit stort universitet, og mange gode bibliotek.

 

Økonomi

Frankrike har ein veletablert økonomi. Staten privatiserer gradvis dei største selskapa, som Air France og Renault, mens dei held på statleg styring innan offentleg transport, straum og forsvarsindustri. Frankrike har vorte hardt ramma av finanskrisa, og eit av tiltaka har vore å gjennomføre ein "arbeidsreform", for å gjere det lettare å t. d. jobbe overtid. BNP-vekstprosenten var i 2008 nede i 0,3/0,4%. Frankrike har nytta Euro sidan 2002.

 

I Frankrike nyttar det offentlege, i likheit med Noreg og USA auka investering av offentlege midlar, for å få økonomien i gang att. BNP for 2008 var på cirka 2 billionar Euro, som gir 30 400 Euro per innbyggjar. Frankrike har for tida høg arbeidsløyse, på 9,3%, for yngre er arbeidsløysa på heile 23,9%. Frankrike er eit av ei fem landa som har eit budsjettunderskot på over 3%, og som derfor ikkje oppfyller EU sitt krav om budsjettbalanse.

 

Frankrike importerte i 2008 norske varer for ca. 87,5 milliardar kroner. Av dette er om lag 75 milliardar petroleumsprodukt. Resten er hovudsakleg sjømat og aluminium. Frankrike er det landet Noreg sel mest sjømat til. Statens Pensjonsond Utland ("Oljefondet") er ein av dei største aksjonærane på den franske børsen.

 

I 2008 eksporterte Frankrike varer til Norge for 18,1 milliardar kroner. Dette var for det meste mat/drikke, bilar og maskiner.

 

Frankrike er ein av verdas største eksportørar av landbruksvarer. Dei er òg verdas største vineksportør, og eksporterar mykje korn og sukker. Frankrike importerar mykje fiske- og trevarer.

<bilde>

 

Turisme

Frankrike er verdas mest populære turistdestinasjon, og vart i 2007 besøkt av 81,9 millionar. Frankrike tilbyr fjell, kyst, byar med rikt kulturliv, slott og vinåkrar.

 

Paris er verdas mest besøkte by. I Paris ligg mellom anna musea Louvre og Musée d'Orsay, og attraksjonar som Eiffeltårnet, Triumfbogen, Notre-Damekatedralen og Disneyland.

 

I Alpane er det mange forskjellege moglegheiter for skiferie. Nokre populære turistregionar er Arles, Aix-en-Provence, Bordeaux, Lyon, Marseille, Nice, Saint-Benoît-du-Saul, Toulouse, Strasbourg og Nantes. Strendene på den franske rivieraen og i Korsika er veldig berømte.

<bilde>

<bilde>

Kjelder

http://en.wikipedia.org/wiki/Area_and_population_of_European_countries

http://no.wikipedia.org/wiki/Ludvig_XIV_av_Frankrike

http://no.wikipedia.org/wiki/Frankrikes_historie

http://no.wikipedia.org/wiki/Lyon

http://en.wikipedia.org/wiki/Marseille

http://en.wikipedia.org/wiki/Geography_of_France

http://no.wikipedia.org/wiki/Den_franske_revolusjon

http://snl.no/Frankrike

http://en.wikipedia.org/wiki/Tourism_in_France

http://snl.no/franske_revolusjon

http://no.wikipedia.org/wiki/Frankrikes_geografi

http://wiki.fetskolene.no/index.php/Frankrike

https://www.cia.gov/library/publications/the-world-factbook/geos/fr.html

http://www.snl.no/Maria-Antoinette/2

http://www.landsider.no/land/frankrike/fakta/okonomi/okonomi.htm

http://no.wikiquote.org/wiki/Marie_Antoinette 

http://no.wikipedia.org/wiki/Strasbourg

http://en.wikipedia.org/wiki/History_of_france

http://www.daria.no/skole/?tekst=9342

http://en.wikipedia.org/wiki/United_Nations

http://en.wikipedia.org/wiki/NATO

http://en.wikipedia.org/wiki/INTERPOL

http://en.wikipedia.org/wiki/European_Union

http://no.wikipedia.org/wiki/2._verdenskrig

http://no.wikipedia.org/wiki/Første_verdenskrig

 

Bilete

 

Namn på bilete, med forfattar/rettigheitshavar og fri lisens i parantes

Satelittbilete av Frankrike (NASA PD)                          http://6cu78.tk
Kart over Frankrike (CIA PD)                                      http://41rux.tk

Franske holemaleri (Prof Saxx CC BY-SA 3.0)             http://08jyf.tk

Romarar kjem for å ta Gallarriket (Ukjent PD)               http://nwest.tk

Solkongen (Hyacinthe Rigaud PD)                               http://x5q2m.tk

Nattbilde av Paris (Benh LIEU SONG CC BY-SA 3.0)  http://dal5c.tk  

Lyon (Jim G CC BY-SA 2.0)                                        http://9y2ro.tk

Marseille (Jan Drewes CC BY-SA 3.0)                          http://c8o8x.tk  

Strasbourg (Didier B/Sam67fr CC BY-SA 3.0)              http://y69sd.tk

Eiffeltårnet (Benh LIEU SONG CC BY-SA 3.0)            http://fvdiv.tk

Notre Dame (Thscutt PD)                                            http://75zhn.tk

Disneyland (Deror_avi CC BY)                                    http://v6yxm.tk

 

Forkortingar

PD            Public Domain                                          http://rrber.tk

CC BY      Creative Commons Attribution                  http://vq0a8.tk

CC BY-SA Creative Commons Attribution-ShareAlike http://h8a3m.tk (3.0)

                                                                     http://04uha.tk (2.0)

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst