Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Eg, ein patriot?

Eg, ein patriot?

Nynorsk innlevering, kåseri..

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
22.02.2010


Eg veit ikkje kvifor, men eg har aldri vore noko serlig patriotisk. Eg feirar ikke 17.mai med flagg og kransekake (sjølv om kransekake er himla godt), eg forstår ikkje meininga med påske (bortsett frå påskegodtet sjølvsagt) og det viktigste av alt ; eg går ikkje med bunad. Kvar gong eg ser ein bunad, hoppar det opp ein Freia-melkesjokolade-reklame i hovudet mitt; eit bilete av ei budeie på ei eng omringa av kvite og brune kyr som beitar. Ho held sjølvsagt eit melkespann i begge henda, og ho ser alt for glad ut til at eg skal tru det er virkeleg.

 

Min teori : bunadar er noko staten fant opp for at alle skal vere like, og at alle skal vere patriotiske og elske vårt fedreland. Vel, Stoltenberg; eg går ikkje på det.

 

Når det kjem til 17.mai er eg ikkje overlykkeleg. Eg hoppar ikkje rundt med flagg eller seier «gratulerer med dagen» til folk eg ikkje kjennar. Eg seier det ikkje til dei eg kjennar heller, for å seie det sånn. Eg hugsar heller aldri korleis det norske flagget ser ut, om det er rødt inni, blått utpå og kvitt mellom, eller om det er kvitt inni, rødt utpå og blått mellom. Vel, eg teknar jo ikkje det norske flagget så mykje heller. Eg brukar 17.mai som ei unnskyldning til å spise kake, kle meg fint, og danse i gågata, men eg må vere helt ærlig å si at eg ikkje eingong veit kvifor vi feirar 17.mai. «Kven har bursdag?», spør eg, og eg døyr litt inni meg når dei ropar «Noreg!» tilbake. Mitt spurnad til deg er derfor : Kvifor går ikkje folk i tog på min bursdag?


 

Når folk fra utlandet tenkjer på norske mennesker, tenkjer dei mest sannsynleg på gamle menn i grønne felleskjøp – dressar som køyrer traktor og et grovbrødskiver med gulost; eit ikkje-sivilisert folkeslag som tilfeldigvis bur i verdas rikaste land. Vi har olje, vi har fisk og vi hadde Hamsun, men eg veit ikkje om dette er så mykkje å vere stolt over : olje, eit fossilt brennstoff som er grunnen til Jordas oppvarming, fisk (som kanskje er godt) men som brukast til å lage tran – noko som er kjempefælt og grusomt, og til slutt Hamsun, ein forfattar/nazist som egentleg ikkje var noko flink til å skrive i det heile tatt, men som blir betrakta som eit norskt forfattar-geni.

 

Til tross for dette er det vel fortsatt eit fint land å bu i, det er jo eit land der flyktningar blir tatt godt imot av rasistiske barn, og eit land der vi prioriterar Mette-Marit på forsida av VG i staden for krigen i Afghanistan. Eg har heller aldri forstått meininga med påska og kvifor vi gøymer påskeeggene – det var jo ikkje så vanskelig å finne grava som Jesus stod opp frå, var det ?

 

Når det kommer til regjeringa veit eg ikkje kva eg skal tru, liksom - eg skal jo ikkje krenke Noregs politikarar, eller måten landet blir styrt på, men ein ting kan vel ein 16 år gamal jente få lov til å seie : ikkje la Krf komme til makta !

 

Noreg har jo vore opphaldsstedet til mange oppfinnelsar, noko vi selfølgelig er veldig stolte av. Osthøvelen, nøkkelkortet og redningsstrømpen er berre noko av det, eller .. det var jo faktisk alt. Godt har vi det her i norden, og man skal jo ikkje klage (egentleg), men så er det også slik at nordmenn ikkje berre er her i Noreg heile året. Neida, dei tar seg like så godt ein charter-tur til Gran Canaria eller ein biltur til svenske-grensa, men ikkje lengre enn det – det kan jo vere farlig.

 

Min kjærleik til Noreg er nok like stor som KrF's kjærleik til homofile, og livet i Noreg er nok ikkje det beste – men finnes det virkeleg eit land som er ? Alle land har sine feil, sine misdannalsar og raritetar, og vi mennesker blir vel aldreg nøgde – men for nordmenn er sjølvsagt Noreg det beste landet. Eg veit ikkje kva eg skal seie, for hvis eg hadde møtt ein utvilsomt stor Noregs-patriot på gata, ein mann kledd i FK-dress med eit norskt flagg, hadde eg vell proppa han full med alt som eg synast er teit og feil med landet vi bur i; men så er det jo sånn at eg er finsk også da..

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil