Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Turistar

Turistar

Et nynorsk kåseri om turister.

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
21.11.2009

Turistar kjem i alle fargar og fasongar. Som regel med bagasje, svigermor i sekken og det kjente eingongskameraet klart for krig. Etter å ha opplevd ein del, veit eg at turistar i kjem i eit bredt spekter: dei unødvendig eventyrlystene, dei rare, dei som elskar å sykle, og dei tyske. Den sistnemnde er alt ovanfor.
Dei bevege seg rundt i byen i svære puljar,  alle med kvar sitt eingongskamera og rumpetaske. Dei er som svoltne flokkdyr - ulvar som leita etter eit nytt bytte å angripe med kikkert og kamerablitz.

 

Kvar gong eg passera ei gjeng med disse såkaldte flokkdyra rynka eg på nasa. Er denne gleda over å sjå ein ekte norsk brunost verkelig så stor? Er verkelig alt dei oppleve her i Noreg SÅ FANTASTISK? Sjølv om delikatessene frå Noreg smakar grusomt og verkelig avskyelig i deira gane, glisar dei like bredt og stillar seg opp for et ’’sjå-ka-eg-spiste-i-Noreg-bilete’’ så dei kan vise alle heime.

 

Det få av oss nordmenn ikkje tenker over er at vi er medlemmar av ulvefamilien vi og. Mens vi smilar nedlatande til alle turistane som er engasjert av å gå i Noregs gater, tenker vi ikkje på at vi er ein del av dei vi og – nordmenn kanskje verre en alle. Vi hoppa på fly støtt og stadig til eksotiske plassar, gira som ein duracellkanin på å få oppleve.


Vi fer vera rundt for å sjå om ein amerikanar verkelig er like brei som dei blir omtalt som, eller om det verkelig er så varmt i Frankrike som tante Siri skal ha det til. Vi skal finne ut, sjå og dokumentere alt vi gjer, vi er til og med så moderne at vi dreg fram laptopen og bloggar om alt saman.

 

Ein chartertur til Mallorca er og eit glimrande eksempel på kor sjukleg høgt oppe vi i Noreg scora på turristskalaen. Sjølv om vi ikkje sjår historiske severdigheitar, fyk vi rundt samans med familien i Spania med kamera og solbriller. Når vi frå Norden kjem hoppandes ned Spanias gater med fire bademadrassar under kvar solbrent arm, kikar spanjolane på oss. Dei smilar nedlatande, og synst vi er rare, unødvendig eventyrlysten – alt vi trur vi ikkje er.


Noreg er kåra til det beste landet å bo i, fleire år. Vi tenkje derfor naturleg at vi er betre i alt. Vi får dermed fritt innpass til å kritisere alt i verda vi ikkje likar, for ingen kan gjere det same mot oss. Det er her vi tar så grundig feil.

 

Faktum er at vi nordmenn ikkje er ein smule betre enn nokon som helst turist. Vi er heilt lik dei, på alle måtar – vi har med oss både svigermor og klesskapet vårt i kofferten. Vi er unødvendig eventyrlysten, utruleg rare og naive -  vi slenge med lippa om kor snåle disse turistane er, utan å vite at det er faktisk oss sjølve på ferie vi snakkar om.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil