Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Gleda er å springe barbeint i graset

Gleda er å springe barbeint i graset

Om en liten gutt og hans død skrever i en femårins tanker....(5+)

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
31.01.2001
Tema
Død


Eg sitter her oppe, har ingenting å gjøre på for augeblikket, eg sitter her og ser ned på barna der nede som leiker. Eg får ikkje lov til å leike med dei lenger Han seier att eg må holde meg her oppe, saman med han, men ein gang gjorde eg det, ein gang sprang eg lykkelig der nede i graset, med fotballen under armen. Ein gong, men det er lenge sidan……..

Eg var 5 år, 5 år og barbeint. Eg kjente graset kitle mellom beina. Det var ein sånn herleg følelse å springe barbeint i graset, fort, fort, forbi alle dei andre barna. Vi pleidde å leike tikken, etter på gjekk vi heim til Kristoffer for å ete vaflar, mora til Kristoffer lagde sånne gode vaflar ,etterpå såg vi barne-tv, det var alltid så morosamt. Her oppe har vi ikkje tv, han seier det er jævelen sitt verk, han liker ikkje jævelen.

Plutselig fikk eg ikkje lov til å springe i graset meir, eg fekk så vondt i halsen, hadde vanskelig for å puste av og til, men det gjore ingen ting, eg kunne jo ete vaflar hos Kristoffer. Ete vaflar og sjå barne –tv. Kristoffer var så snill, han hadde alltid så mange idear til kva vi kunne leike med, han hadde så mykje lego han , dessutan likna han på Supermann , han hadde svart hår og briller . Av og til tok han dei av, akkurat slik som Clark Kent gjør når han skal forandre seg til Supermann ( ”i ektefilmen asså ”.) Eg, eg likna ikkje på nokon , eller, mange seier eg likner på søstera mi , men ho er ingen helt….. Eg vil likne på MacGyver eg, han er så stilig. Fikk ein gang ein sånn lommekniv som han har, men den fekk eg ikkje bruke før eg blei 11, så den må eg vente litt med å ta fram.


I barnehagen var det ”sjempe kuling” vi slengte oss i trea og lekte Tarzan og Jane , men typisk mamma og pappa fikk eg ikkje gå der meir, eg veit ikkje heilt kvifor , men eg trur det har noko med den gangen eg datt i bakken, fordi eg ikkje fikk puste, men det var jo ikkje min feil….. Doktoren i den kvite frakken sa att han trudde det var best om eg heldt meg heime ei stund ,men han sa ikkje kvifor. Så der låg eg. Det var skikkelig kjedelig. Låg heile dagen på sofaen, såg på når pappa las avisa , såg på katten ete kattematen sin, og på ”systa” når ho skreiv bokstavar.

Etter kvart begynte eg å hoste, og hosta heile dagen, og det var ekkelt å puste. Til og med når eg låg i ro, kjentes det ut som eg hadde svelt ein trekork. Men det var ikkje så gale, eg fikk så masse fin lego……. ,til og med den sjørøvarskuta eg hadde ynskja meg så lenge. Mange kom på besøk og, dei strauk meg på hovudet og sa: ”så, så, Ole Martin” sa dei, ”det går nok bra skal du sjå”. Eg spurte kvifor, eg hadde jo det fint slik som eg hadde det no, i et berg med pakkar ,og bursdag kvar dag.

Så hadde eg bursdag, no blei eg 6 år, eg vakna om morgonen, det var iskaldt på rommet fordi vindauget sto ope, eg måtte ha det slik, eller så fekk eg ikkje puste om natta. Fikk mange fine gåver den bursdagen, men måtte ligge heile tida for eg kunne ikkje gå. Mamma såg ikkje så gla ut lenger og Doktoren i den kvite frakken var ofte på besøk. 6 års dagen min blei ikkje som dei andre bursdagane mine, det var liksom ikkje så kult å leike blindebukk aleine.

Dagane gjekk saktare no, hadde ingen ting å gjøre på, mamma satt der med meg nesten heile tida, ho las eventyr om den flate pannekaka som trilla seg ein tur, og om Askeladden som kappsprang med trollet, eg spurte kvifor ikkje eg fekk vere ute å leike som dei i eventyret, då berre byrja ho å grine. Så det spurte eg ikkje om fleire gonger.
Eg måtte til og med begynne å sitte å sove, det var ikkje noko behagelig, men doktoren i den kvite frakken sa det, så då var vel det, det beste. Plutseleg blei eg tjukk i ansiktet, det byrja å renne skum frå munnen min, det likna på eggedosis med ketchup i, ketchupen var blod, det var ikkje spesielt deilig å sjå på, men Herman likte å ete det. Herman er katten min.

Ein kveld når eg skulle sove, kom mamma inn på rommet mitt, ho byrja og fortelje om Gud og Jesus i himmelen, eg spurte Mamma om eg skulle døy no, då byrja ho å grine, ho fortalte meg kor gla ho var i meg, eg sa att eg var glad i ho og ,eg fikk et bilde av ho den kvelden, et bilete av mamma, pappa systa og Herman, ho sa eg skulle ta det med meg. Eg spurte kor eg skulle, då byrja ho å grine igjen, då klemte vi.
Alle saman satt på sengekanten min den natta, til og med Herman, men han gjekk , for han gadd ikkje sitte der meir. Den natta drømte eg noko rart, eg drøymde at ei hand tok i meg, den prøvde å løfte meg opp, men eg ville ikkje , eg hadde mest lyst å bite han i fingeren så han gjekk sin veg. Eg såg ein hage langt der borte, eg gjekk mot den, og vips blei det sol.

Eg sov lenge den morgonen, faktisk så lenge att eg ikkje vakna igjen, men det gjorde ingen ting, eg kan jo sjå dei endå, men eg saknar dei. Eg ser ned på mamma av og til, ho ser så lei seg ut, sitter berre der og ser på eit bilde av meg, eg trur ho likte meg godt, men ho gløymer meg sikkert snart for no når ho ska ha ein ny ein. Eg har møtt besten og, han satt her plutseleg ein dag og spilla harpe, han sa han var bestefaren min, då blei eg glad, så klemte vi. Eg kan springe så mykje eg vil her oppe, utan å få eggedosis ut munnen, det er litt kjekt. Eg og Gud er blitt gode venner, men eg blir litt sur på han av og til når eg ikkje får reise heim att. Eg seier att eg har vert her lenge nok og vil heim igjen, han seier att han forstår att eg er glad i mammaen og pappaen min men det forstår eg ikkje heilt for han har jo aldri hatt nokon.


Ofte har eg ingenting å gjøre på, då berre sitter eg her oppe på skyene og ser på borna som leiker, kunne ynskje eg kunne leika med dei igjen, sprunge i graset utan sko og kjent at det kitla under beina…….

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil