Søk i stiler
 

Knut Hamsun


En kort tekst om Knut Hamsun på nynorsk.

Skrevet i 10. klasse.

Sjanger:BiografiLastet opp:28.11.2008
Språkform:NynorskForfatter:Anonym
Tema:Knut Hamsun


Knut Hamsun var fødd 4. august 1859 på Vågå i Gubransdalen, men han voks opp på Hamarøy på garden Hamsund. Hamsun var ein av Noregs mest betydelege forfattarar. Han har vunne nobelpris i litteratur. Det er bare han, Bjørnstjerne Bjørnson og Sigrid Undset som har gjort det her i Noreg. Han fikk nobelprisen for ”Markens Grøde” i 1920.

 

Det var i 1890 Hamsun ble kjent. Det var då han skreiv romanen ”Sult”. ”Pan” som han skreiv i 1894 og sjølvsagt ”Markens Grøde” som han skreiv i 1917 er andre viktige verk som er skrivi av Hamsun.

 

Hamsun reiste til Amerika i 1882. Der prøvde han fleire forskjellige jobbar, men reiste heim etter to år.

 

Hamsun likte Tyskland, men ikkje England. Han var ein motstandar av sosialismen og kommunismen. Derfor støtta han Tyskland under den fyrste og andre verdskrigen. Men etterkvart ut i krigen begynte Hamsun å synest synd på jødane og dei norske krigsfangane. I 1943 reiste Hamsun til Tyskland for å besøke Hitler. I dette møte forklara Hamsun at nordmennene leid under Josef Terboven. Hitler avviste alt, og møte var ein fiasko.

 

Etter krigen var Hamsun skuld for landssvik for å ha støtta Tyskland under andre verdskrig. Han hadde samarbeida med okkupasjonsmakta og var gjeven ei bot på 325 000 kroner for det.

 

Hamsun gifta seg med skodespelaren Marie Hamsun. Dei budde på garden, Nørholm i Grimstad. Hamsun døydde 93 år gammal i 1952.

 

Kilder

Wikipedia.no

Daria.no



Teksten er hentet fra Daria.no, www.daria.no