Søk i stiler
 

Henrik Ibsen


Kort tekst om Henrik Ibsen.

Karakter: 4/5 (10. klasse)

Sjanger:BiografiLastet opp:26.11.2008
Språkform:NynorskForfatter:Anonym
Tema:Henrik Ibsen


Henrik Ibsen var ein norsk dramatikar av stor internasjonal betydning.

 

Henrik Ibsen blei født som Henrik Johan Ibsen 20. mars 1828 i Skien. Henrik var eldst i ein syskenflokk på 5, og familien var velståande på den tida. Men då Henrik var 8 år gammal, gjekk faren konkurs, og livet til denne familien vart snudd opp ned. Henrik Ibsen blei sterkt prega av dette, og måtte bere skam ved det. Etter Henrik Ibsens konfirmasjon, begynte han å arbeide. Han trakk seg unna både venner og familie, og var mykje åleine. Han begynte og arbeide på eit apotek i Grimstad, der han arbeida i seks år. Han fekk barn med ei tenestepike der, oppkalla etter han, Hans Jacob Henriksen. Henrik Ibsen ville ikkje ha noko med barnet hans å gjere, men betalte bidrag fram til guten vart 14 år.

 

Henrik flytta til Christiania i 1850, der han gjekk på studentfabrikken Heltbergs. Han sleit på skolen, og strauk i to fag, gresk og aritmetikk. På denne tida, i 1850, skreiv han sitt første skodespel, Catilina, men som aldri blei oppført. I 1852 fekk Ibsen tilbod om ei stilling i Bergen ved Det Norske Theater. Han takka ja, og jobba der i 5 år. Som sceneinstruktør fekk Ibsem innblikk i alle fasettar ved teaterfaget.

 

Deretter returnerte han tilbake til Christiania, der han gifta seg med Suzannah Thoresen. Deira barn, Sigurd Ibsen, blei født i 1858. I denne byen fungerte han som kunstnerisk instruktør på nye Christiania Theater fram til 1864. På denne tida skreiv han to historiske stykke, Hærmændene paa Helgeland og Kjærlighedens Komedie, i tillegg til satiren Kongs-Emnerne.

 

Henrik Ibsen reiste frå Noreg 1.april 1864. då reiste han åleine gjennom Tyskland til Venezia. Den 19. juni kom han til Roma. Han var heile 27 år i Tyskland og Italia, og besøkte sjeldan Noreg. I utlandet skreiv han kjente stykke som blant anna Brand og Peer Gynt, som gjorde han til Skandinavias mest kjende forfattar, og han fekk Statens kunstnarløn i 1866.

 

I 1891 kom Ibsen tilbake til Noreg, der han forsetta å skrive til 1900. 12. mars 1900 ble Ibsen sjuk, noko som gjorde at han ikkje skreiv så mykje. Kl. 14.30 den 23. mai 1906, døydde Henrik Ibsen 78 år gamal. Begravinga var på Vår Frelsers gravlund 1. juni.

 

Ser man tilbake på Henrik Ibsens tid, beskrivar folk Ibsen som ein sjenert person som så veldig trist og ulykkeleg ut. Ser man det ut i frå dette, klarer sikkert ikkje Ibsen å komme muntleg ut i verda, men protesterer gjennom stykka. At han viser tydeleg sine synspunkt ved å skrive, og at dette er ein befrielse.

 

Inspirasjonen henta nok Ibsen frå sitt tidlegare liv, som for eksempel då familien gjekk konkurs, og erfaringar, som for eksempel via å jobbe som sceneinstruktør ved teateret i Bergen der han kunne sjå på andre stykker.

 

Mange meiner at Ibsens store gjennombrot kom på 1870-talet, då han byrja å skrive samfunnsdrama. Det var etter at han drog utanlands han skreiv om samfunnets problem. På avstand såg han at nordmenn var for sjølvgode, og for opptekne av pengar og makt. Han byrja å leggje vekt på realismen og sette ulike samfunnstema i debatt gjennom stykka. Etterkvart forlot han problemdebatten til fordel for ei djupare sjelegransking.

 

Gjennom heile hans 56 år lange karrière skreiv Henrik 26 verk og 11 enkeltdikt. Dramaene han skreiv var enten nasjonaldrama, idedrama eller samtidsdrama. Ibsens hoveverk er Brand, Peer Gynt, De Unges Forbund, Samfundets støtter, Et dukkehjem, Gjengangere, En Folkefiende, Vildanden, Rosmersholm, Fruen fra havet, Hedda Gabler og Byggmester Solness.



Teksten er hentet fra Daria.no, www.daria.no