Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Måkekrigen

Måkekrigen

Novelle om en psykisk syk mann som rømmer fra sykehjemmet. Hans møte med verden.

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
25.11.2008


Det kvite er overalt. Det er i senga mi, på veggane, på stolen og på pleiarane som plar kome inn hit. Det gjer meg glad. Fine ting gjer meg glad.  

 

I går kom ein mann inn hit. Han sa det var lyst her, liker du det? Ja, sa eg. Han likte ikkje det. Han hengte opp noko på veggen. Noko grønt og blått med kvite linjer. No blir det liv her, sa han. Det var ikkje fint. Det kvite forsvann heilt, mønsteret blei heilt vekke. Eg skreik.

 

Fargane flyg rundt i rommet no. Dei glir inn i kvarandre og lagar eit uhyre, ein farleg skapning som berre vil skade meg. Eit monster. Eg klarer ikkje sjå på noko anna. Eg liker det ikkje. Eg kan ikkje sjå på det meir, eg må vekk. Eg skrik.

 

Pleiarane kjem alltid når eg skrik. Dei gir meg ei pille og eit glas med vatn. Eg vil ikkje ha pilla. Eg vil vekk.

 

Eg er så smart. Ikkje mange kunne ha funne på noko som dette. Berre eg er smart nok til det.


 

Det er mørkt no. Det kvite er heilt vekke, men eg veit det finst bak fargane ein stad. Eg skal vekk. Eg tar ikkje pilla mi. Gøymer ho bak tunga og spyttar ho ut så fort eg kan. Eg er så smart. Ingen kan snike seg ut så stille som eg kan. Døra til rommet mitt er ikkje låst, og eg røyver meg sakte.

 

Ute er alt lyset vekke. Eg kjenner noko kaldt stryke meg oppetter armane. Det er som den fjøra som kom ut av puta mi ein gong. Mjukt og friskt. Aldri har eg kjent betre vind enn dette. Eg spring. Aldri har eg sprunge slik før. Eg er rask. Så rask at små sandkorn hoppar etter meg når eg spring forbi. Berre eg kan springe så fort som dette. No kan ikkje fargane plage meg meir.

 

Eg spring. Bakken er grå og hard. Han er glatt òg, han er god å springe på. Eg spring fort. På bakken er det gule linjer. Gule flekkar. Dei er ikkje like lange. Ikkje like breie heller. Dei øydelegg mønsteret. Eg skrik. Eg spring.

 

Linjene spring etter meg. Dei flyg rundt meg og lagar grimasar. Dei glir inn i kvarandre og lagar eit monster. Dei er tingen på rommet mitt. Eg må vekk. Eg må springe. Eg er rask.

 

Eg spring av vegen. Graset treff dei nakne føtene mine. Linjene legg seg ned att. Monstret døyr. Det knasar lett under meg. Aldri har eg sett finare gras enn dette. Det er mørkt grønt og luktar betre enn rommet mitt. Rommet mitt luktar godt. Eg legg meg ned i graset. Det er mjukt. Hardare enn senga mi, men mykje betre. Eg ligg på ei sky, sånn som Gud gjer kvar dag når han ser på meg. Eg ser på Han no. Eg ser på Gud.

 

Eg vaknar. Eg kjenner meg kvit. Det er eit lys inni meg. Eg smiler. Det er ingen fargar som øydelegg mønsteret her. Alle stråa i graset er like lange og har lik farge. Dei er eit fantastisk mønster. Fine ting gjer meg glad.

 

No vil eg gjerne springe igjen. Eg gjer det, spring.

 

Brått er ikkje armane mine glatte lengre, dei er klumpete. Små kuler står ut frå huda mi. Eg fell. Det er ikkje trygt her no. Rommet mitt er trygt. Noko skjer. Det er mykje mørkare enn før, noko dekkjer lyset på himmelen. Graset er kaldt, og det knasar ikkje meir. Det luktar ingenting. Noko knuser i meg, og eg skrik. Eg kan ikkje stå mot denne smerta lenge. Eg kastar armane mot øyra mine. Lyden går bort. Det gjer ikkje vondt meir, men det er hardt å puste. Eg opnar auga mine og ser meg til sida. Eg ligg no. Eg er ikkje åleine her, noko står ved sida av meg. Det er vakkert. Brunt og lite. Det røyver seg lett. Eg veit det tenkjer likt som meg. Liv, tenkjer det.

 

Akkurat i det eg strekkjer arma mi bort mot livet kjem smerta att. Det er mykje verre enn den gongen eg stakk ei nål i fingeren min, smerta er i heile kroppen no. Eg skrik. Eg ser kvite skapningar over meg. Dei er dei kvite linjene på tingen i rommet mitt. Dei flyg. Dei skrik òg. Skrika deira torturerer meg. Kroppen min vil ikkje gjere som eg seier. Eg er ikkje i han meir. Han fungerer ikkje, og er ein annan plass. Kroppen min har det vondt, det veit eg. Men han må vekk. Han må heim. Han må springe for livet.

 

Kroppen er ikkje meir. Han er vekke. Eg har ein ny kropp no. Eg spring. Ingen kan springe så fort som meg. Dei kvite skrika flyg etter meg. Dei kastar seg etter meg. Dei vil drepe meg.

 

Kroppen min er rask. Raskare enn før, om mogleg. Ingen kan ta meg, ingen kan øydeleggje mønsteret no.

 

Eg er så smart. Ingen er så smart som meg. Ingen ser at eg snik meg inn. Alt er kvitt att på rommet mitt. Eg liker det. Ein pleiar står der. Ho er òg kvit. Det er fint. Biletet er vekke no, Audun. Det er trygt her no, seier ho.

 

Det kvite er overalt. Det er i senga mi, på veggane, på stolen og på pleiarane som plar kome inn hit. Det gjer meg glad. Fine ting gjer meg glad.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil