Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Sykkelen

Sykkelen

Kåseri om det flotte kjøretøyet.

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Tema
Transport


Sykkelen er eit miljøvennleg transportmiddel som blir brukt av menneske over heile verda. Slik har det alltid vore, trur vi - heilt sida tidanes morgon, allereie da Kari og Ola Nordmann berre kommuniserte i einstavingsord og kvelte moskusoksar for hand.

 

Men Ola, ja, for Kari var uaktuell i denne samamenhengen på grunn av kjønnsrollemønsteret som også på den tida ble fulgt slavisk, han var ikkje smartare enn at han kom opp med eit hjul, som om det var mykje nytte i det! Men kva skulle dei med syklar på den tida eigentleg?! Ola Nordmann levde jo stort sett heile tida inne i hola si, med korte avbrot om morgonen når han gjekk ut i stabburet for å stampe smør og klø geita bak øyret. Dette var jo mykje sikrare og meir praktisk til fots, særleg med tanke på alt det ”fancy” tilleggsutstyret dei ikkje hadde tilgang på den gongen, bremser og gir, til dømes.

 

Nei, slik er det altså ikkje. Den første sykkelen ble ikkje konstruert før på slutten av 1700-tallet, og det gjekk nesten hundre år før dei klarte å somle seg til noko som likna på den sykkelen vi har i dag, med to hjul, sete, pedalar og til slutt ei kjede til å drive bakhjulet med, men lett var det ikkje! Det kosta sikkert mange skrubbsår og vonde kne. Det er i alle fall ein del av den sure svie eg sitt att med etter å ha vore ein ihuga syklist sidan den gongen eg klarte å skrike pappa til å kjøpe ein sykkel til meg (han orka ikkje høyre på gnålet meir!).

 

Men sykling, det er farleg det!! Det fekk eg raskt erfare den gongen eg og ein kompis leika politi og tjuv oppå syklane. Eg, med min tjuvaktig gode sykkel, eg tok den brattaste og hardaste bakken som fanst i Osen, og gjekk sjølvsagt med hovudet rett i Concretum Plenaris, kjent på folkemunne som ”asfalt”. Eg trur eg kan takke mørke makter (eller kanskje Gud) for at eg ikkje sitt på Hinsidige Bar & Grill no, og at det var hjelmen eg hadde på meg, og ikkje kålhovudet som gjekk i to. Slik fekk eg mi første hjernerøysting, ein fin junidag, sommaren 1994. Det var tider det!

 

Foreldre er nok ikkje klar over kor mykje ulykke og tårer sykkelen kan valde for ein liten gut, ja, for det er som regel gutane som ender i grøfta (noko eg aldri har skjønt årsaka til!). Det blir nok ikkje levert fullstendig skademelding til mor og far kvar gong noko slikt hender. Dei uhella mor og far får vite om, er bere toppen av isfjellet! Likevel forsett vi å kjøpe syklar til ungane våre. Kvifor ikkje heller kjøpe ein kniv? Eller kanskje fyrstikker?

 

Men det er jo ikkje til å komme bort ifrå, at om du skal komme deg frå eit punkt A til punkt B, og avstanden ikkje er for lang, så er det betre, billigare og både meir økonomisk og meir økologisk å bruke sykkelen. Sykkelen kan jo vere menneskets beste venn, men skal forholdet til den 200-årige oppfinninga vere gjensidig, bør han behandlast med respekt, vennlegskap og ikkje minst smøreolje og vask etter kvar sesong, da sykkelen har veldig lett for å ruste.

 

Sykkelen og deg sjølv er berre to av mange fiendar i trafikken; den verste er sjølvsagt taxisjåføren. Det er ein kva som helst nydelig dag, sola skin frå skyfri himmel. Tråkktråkk! Du er på sykkeltur, på vei bort frå det mas/kjas bylivet inneberer. No skal berre eit lyskryss forseras før Moder natur kan hyllast. Tråkktråkk! Breeeeeeeeeeems!! Den redselsfulle, skrekkelege lyden av gummi mot tørr asfalt bryter plutseleg idyllen.

 

Det går brøkdelen av eit sekund før ei dør blir slengt opp, og der står han: ”Sjå deg for, din jævla syklist!!”, og ein finger blir hytta i veret, før han svir av litt gummi igjen, og forsvinn som eit lyn ned gata. Ei stund går, men etter at det verste sjokket har sloppe taket, innser du at du er heldig som får leve og tråkke vidare.

 

Når du har lappa dekk for andre gong, og endeleg har komme ut i skogen finn du straks ut at du ikkje er aleine. For det er sant som ein vis mann eingong sa: ”Ein ser ikkje skogen for berre syklistar!”God sykkeltur! Og husk, det er aldri for seint…å ta trikken!

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil