Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Ord deling av saman sette ord

Ord deling av saman sette ord

Det er ikkje mange språkfeil som har skapt så mykje engasjement mellom folk, som den språkfeilen eg skal presentere i denne oppgåva. Eg snakkar om feilaktig deling av ord, eller særskriving som fagfolk kallar det.

Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
27.05.2008
Tema
Språk


Det er ikkje mange språkfeil som har skapt så mykje engasjement mellom folk, som den språkfeilen eg skal presentere i denne oppgåva. Eg snakkar om feilaktig deling av ord, eller særskriving som fagfolk kallar det. Delinga som får folk til å snu seg på gata og kikke nærare på skilt, butikkvindauge og plakatar som har desse grusomme, men til tider svært underhaldande feila.

 

Kva er orddeling?

Orddeling blir ofte omtalt som særskriving. For å definera særskriving kan me seia at det er ei kunstig deling av eit samansett ord. Det er når ein skriv eit samanhengande ord som to enkeltståande. Orddeling er den mest brukte nemninga på særskriving blant folk flest, og det me høyrer mest frå i forskjellige media. Orddeling vil altså seie at nokon  deler ord som lammelår til lamme lår, og ananasringer til ananas ringer. Dette kan gi ordet ei heilt anna tyding enn det som er meint. Fenomenet med orddelingsfeil byrja allereie på 1940-talet, og har utbreidd seg til ein fæl farsott dei siste åra. Det har skapt store diskusjonar og ikkje minst språklege misforståingar. I nokre kjelder blir det skrive at særskriving og orddeling ikkje skal forvekslas, men i dei fleste tilfella er dei einige om at dei går om kvarandre og tyder det same.


 

Når?

For snart førti år sidan, på 1970 talet, blei det gjort rettskrivingsstudiar i dei skandinaviske landa. Desse viste at det allereie på denne tida også var mange særsskrivingsfeil, og at fenomenet allereie då var relativt ”gammalt”. Derfor er det noko usikkert om påstandane om at særskriving er blitt særskild utbreidd dei siste åra er reelle. Dersom ein ser på eldre studiar av særskriving før krigen viser dei at særskriving av samansette ord også hendte på denne tida, men ein finn det ikkje på langt nær så ofte som i dei seinare undersøkingane. Konklusjonen til Roar Walmnes, som hadde særskriving som hovudfagsavhandling ved UiO i 1999, er derfor at særskriving av samansette ord er ein feiltype som kom for alvor gjennom elevtekstar etter krigen.

 

Kvifor?

Mange har hatt teoriar om at orddelingsproblema i Noreg har kome av påverknad frå det engelske språket, og at dette har påverka dagens ungdom til å dele samansette ord. Særskriving har derfor fått tilnamnet ” engelsk syke”. I engelsk er det vanleg å skriva ord som school bus og bus station i to ord, og ein meiner altså at det er denne påverknaden frå engelsk som har fått oss i Noreg til også å gjera dette. Men denne teorien har vist seg å vera delvis tvilsam. Det er nemleg påvist at den norske skulen berre for få år sidan hadde problem med at elevane samskreiv engelske ord. Det vil seie at ord som faktisk skal delast i det engelske språket, blei skrive samanhengjande av elevane – altså omvendt av det ein trudde. I tillegg er det påvist at elevar hadde problem med orddelingsfeil allereie før dei hadde lært å skrive engelsk Påverknaden frå engelsk kan vera ein medverkane rolle, men ser ikkje ut til å vera avgjerande for feilskrivinga. .

 

Det finst også andre teoriar om kvifor sætskrivingsproblema har oppstått, og ein av desse er at det skuldast stavekontrollane i teksbehandlingsprogram på data og på mobiltelefonar. Desse har ofte problem med å kjenne igjen samansette ord, og orda blir derfor markert som feilskrivne. Då er det mange som dett i fella og deler orda. Då oppfattar tekstbehandlaren ordet som korrekt, og me fortsett å dele orda neste gong me skriv. Denne teorien er nok heller ikkje så sikker, sidan særsskriving blei funne i tekstar skrive tidleg på 1940-talet.

 

I undersøkinga til Roar Walmnes intervjua han nokre av elevane, og dette viste at elevane sin morfologiske kunnskap ( ordbøyings- og ordlagingslære) ikkje heldt mål. Dette kan kanskje ha samanheng med særskrivinga. Lange ord blir også nemnt til ein av grunnane for at orddeling skjer, då mange synes det verker unaturleg å skrive lange ord som Familiepalmesøndagsgudstjeneste.

 

Korleis skrive rett?

Regelen for å unngå særskriving er ikkje så vanskeleg. Det er rett og slett slik, at dersom du les eit ord høgt og uttaler det med trykket på det første leddet , skal det skrivast som eit ord. Dersom du derimot uttaler det som to ord, med likt trykk på begge ledd, skal det skrivast som to ord. Det kan sjølvsagt vera litt vanskeleg og forvirrande å tenkje på denne måten, men det finst eit triks for å sjekke om du har rett. Viss du les teksten du har skrive høgt for deg sjølv, og legg inn ein ekstra lang pustepause alle plasser du har mellomrom, vil du med ein gong merke om du har skrive rett eller ikkje. I ord som kjøttkaker har me ingen pustepause, og det skal derfor ikkje skrivast kjøtt kaker.

 

Det er også vanleg å bruke bindestrek i samansette ord, men dette skal ein eigentleg ikkje gjera. Dette skal berre brukast dersom det kan letta lesinga, som kan vera nødvendig i nokre tilfelle. Eksempel på dette er når to vokalar , eller tre konsonantar kjem etter kvarandre; t.d ”gløgg-gryte” og ”rolle-evaluering”. Også når ord inneheld eigennamn skal orda delast med bindestrek; TV-program.

 

Skapar oppstyr

Det fins mange grunnar til at feilaktig særskriving har skapt stort oppstyr hos oss. Mange gonger handlar det ikkje berre om at det er blitt stava feil, men også tydingsendringar. Dette gjer særskrivinga kanskje litt ufrivillig morosam, og det finst mange orddelingsfeil som er lette både å irritere og glede seg over. Det er lett å dra på smilebandet når ein ser ord som produktet grillpølser i staden endar opp som ei oppfordring; grill pølser, eller okse lever.

 

Nabolanda våre.

Det er ikkje berre i vårt land epidemien med særskriving har breidd seg. Berre ved å krysse landegrensa over til Sverige eller ned til Danmark finn ein mykje av dei same problema, om ein kan kalle det det. I Sverige har dei laga ei side som kallar seg for ”särskrivningsfamiljen”. Den har mange medlemmer som sender inn sine meiningar og døme på særskriving. Dei er svært opprørte over påverknaden dei meiner har kome frå engelsk, og at mange ikkje eingong bryr seg om at denne påverknaden endrar språket deira.

 

Det er heilt tilbake på 1800-talet blitt funne tekstar med særskriving av samansette ord, og eit døme er då forfattaren Carl Michael Bellmann skreiv ”brännvins flaska” i staden for ”brännvinsflaska”. Dette var riktig nok før normeringa av for skriftspråket kom, for etterpå blei dei tidlegare særskrivingane nesten avskaffa, i alle fall for ei stund. No dukkar reklameskilt som ”rök fritt” og ”herr toalett” stadig opp, til irritasjon for våre naboar i Sverige.

 

I Danmark har dei danna ein ”folkefront” som kallar seg ”FIDUSO”. Dette står for ”Folkefronten af Intelligente Danskere til Udvikling af Splittede ord”. Desse danskane er, sakkurat som mange i nabolanda irriterte over og dei er akkurat som sine naboland irritert over måten deira landsmenn har byrja å dele samansette ord. Denne gruppa tek også for seg andre former for feilskriving og språkfeil som bruk av stor bokstav, også som i engelsk. Sjølv på svært viktige plasser finn ein feilskrivingar som kombinerer både særskriving og bruk av stor bokstav feil; eit døme er ”Danmarks National Stadion”.

 

Særskriving finst også i mange andre land, i det heile det germanske språkområd, det vil seie i Skandinavia, i Tyskland (her kalla Deppenleerzeichen) og Nederland (Engelske ziekte).. Dei romerske språka har andre reglar for trykk og ordlaging, så problematikken med særskriving er ukjend der. Dette gjeld også dei ikkje-indoeuropeiske språka i Europa, der det er heilt andre reglar for om ord skal samanskrivast eller ikkje.

 

Kvifor bevisst særskriving?

Det er ikkje slik at all særskriving skuldast slurv, noko me kanskje skulle tru. Det er faktisk, utruleg nok, ganske mange menneske som deler opp ord med vilje. Desse menneska er som oftast grafikarar, som er ute etter at produkta deira skal ta seg best mogleg ut. Dei driv særleg med særskriving på bokomslag, logoar og skilt. Det er nemleg slik at dersom eit ord strekkjer seg over fleire linjer, skal det bli delt med bindestrek, noko som dei fleste av oss sjølvsagt er klar over. Grafikarane, derimot, vel å ikkje gjere dette. Bindestrekar er visst lite estetiske, og har derfor ført til nokre underlege løysingar. At den norske rettskrivingsordboka har ei framside som ser slik ut er likevel eit paradoks.


”Norsk

Rett

Skrivings

Ordbok”.

 

Mi meining

Til slutt vil eg få ytra mi meining om orddeling og særskriving, fordi det er ikkje utan grunn eg valte å skrive ei oppgåve om dette. Gjennom fleire år, og kanskje mest den siste tida, har desse feila dukka oppi mitt medvit, og eg har lagt merke til dei overalt. På skulen er det blitt mykje snakka om, på butikkar heng plakatar om billige ”ananas ringer” og ”bog skinke”, og på Internett har eg lagt merke til journalistar og elles vanlege menneske som skriv slike provoserande særskrivingar. Ein kan jo berre le av desse feila, og ikkje bry seg om dei. Men eg greip sjansen eg fekk då til å gå djupare inn i dette fenomenet, for å finne ut korleis det heile oppstod. Det har eg gjort, noko som har gitt meg meir forståing for problematikken.

 

AMO, som er den norske organisasjonen ”Astronomar mot orddeling”, er langt i frå å vera astronomar. Det er ei gruppe med menneske som meiner ein skal kjempe i mot slik ”språkvandalisme” med alle lovlege midlar. På AMO sine internettsider finn du mange døme på slik særskriving, og sida var til stor inspirasjon for meg då eg skulle skrive oppgåva. Faktisk så er eg sjølv blitt medlem i AMO. Det er ikkje til å stikka under ein stol at eg sjølv, viss eg ikkje tenkjer meg om, kan ende opp med å dele ord som ikkje skal delast. Men no er eg kanskje blitt meir bevisst på og tenkjer over mi eiga rettskriving, og ikkje minst , så legg eg merke til andre si feilskriving i mykje større grad enn tidlegare.

 

Grammatikkopplæringa i skulen blir mykje omdiskutert. Barbara Gamborg i Språkrådets skrift ”Purisme på norsk?” i 2007 skreiv sitatet : ”Den største faren er ikke engelsk, men at vi maltrakter vårt eget språk hele tiden. Barna våre lærer ikke skikkelig norsk. Hvor er skolen? Grammatikken er jo skjelettet”. Eg trur ikkje skulen er grunnen til at særskriving skjer, slik det blir påstått her. Det er påverknaden frå media, frå skriveprogram og frå dei andre verknadane eg har nemnt tidlegare, som har ført til feilskriving. Skulen er kanskje ein liten del av det, men eg meiner det er viktig at vaksne menneske og profilerte personar statuerer eit eksempel og lærer seg å skrive skikkelig norsk! Det estetiske skal ikkje vere viktigast for ein grafikar, det burde ikkje eingong vere noko å tenkja over. Byrjar folk å tenkje, kan denne utingen forhåpentlegvis sakte, men sikkert, forsvinna ut av språket vårt.

 

 

http://www.fiduso.dk/

http://www.avigsidan.com/avigsidan/avigt008.html

http://www.korrekturavdelingen.no/K4sammenskriving.htm)

http://hebedesign.com/blogg/archives/2005/05/pult_ost_og_lamme_laar.php

http://no.wikipedia.org/wiki/Orddeling

http://umo.moo.no/

http://www.sprakrad.no/Trykksaker/Spraaknytt/Arkivet/Spraaknytt_2002/
Spraaknytt_2002_3_4/Saerskriving_av_sammensatte_o/

http://sv.wikipedia.org/wiki/Särskrivning

http://nl.wikipedia.org/wiki/Engelse_ziekte_%28taal%29

http://de.wikipedia.org/wiki/Deppenleerzeichen

http://da.wikipedia.org/wiki/Særskrivning

http://www.sprakrad.no/Trykksaker/Spraaknytt/Spraknytt-22007/Jeg-ser-for-meg/

www.amo.no


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil