Jul i gamle dagar

Kåserianalyse av Jul I Gamle Dagar av Ingvar Moe.
Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2001.11.10

Dette kåseriet er skrevet av Ingvar Moe, som er ein relativt kjent utgivar av dikt, prosa og kåseria. Jul i gamle dagar handlar hovudsakelig om skilnadane mellom korleis jula blir feira i dag, og korleis den ble feira før i tida. Ingvar Moe er hovudpersonen historia, og er den som fortel oss kva som skjer i handlinga. Han fortel i fortid noko som gjer at kåseriet virke meir truverdig.

Kåseriet startar med: ”Før, då eg var liten, då var det jul, då. Ikkje slik som nå, nei me var fornøgde med så lite før.” Denne setninga gjenspeilar seg gjennom heile kåseriet. Etter at han har fortalt om ei hending, så kommer han med omtrent den same setninga. Dette gjør at man får med seg poenget han vil fram til, på ein veldig ironisk måte. Han vil vel fortel oss at dei før i tida ikkje var så kravstore og materialistiske som man er i våre dagar. Det er dette som er temaet eller bodskapen i historia og sjølv om han fortel på ein litt sarkastisk og ironisk måte er det at den materialistiske kvardagen har tatt ifrå oss verdiar som man hadde før i tida.


Det er mange virkemidlar med i denne historia, deriblant ironi. Man får ein aning av ironi, når han repeterer setningane sine gjennom heile historia. Så dermed er gjentagning ein veldig brukt virkemiddel i dette kåseriet. Det han seier om at man før i tida var meir sparsam, er jo fakta. Men når det står skrevet etter kvar einaste setning, begynnar man å letta på smilebandet og forstår at teksten ikkje er så seriøst skreve, tiltross for det alvorlege bodskapen.

Eit eksempel på språklege bilete, er da han fortel at dei var så fornøgd med å sjå på småfuglane i kornbanda før i tida, mens viss det hadde vori i dag så måtte det ha kommi ein ørn for at folk ska bli fornøgde. Her viser han til at man før var fornøgd med så lite(småfuglar), mens man i dag er kravstor og vil ha masse.(ørna)

Ettersom Ingvar Moe kom ifrå Etne i Sunnhordland, som er ein lite sted på Vestlandet, blei han ikkje prega av bokmål og skreiv i staden på dialekt. Da får han kanskje frem poeng som kanskje ikkje ville ha gjort det, dersom han hadde skrevi på bokmål. Dette gjør at historia blir meir folkeleg og munnleg, som også er bra for handlinga sidan det gjør det meir personleg.

Kåseriet har tydeleg åtskilte delar, ettersom kvart avsnitt har ei eiga historie og er lite knytte til resten av teksten i form av handling. Derfor har ikkje teksten noko kronologisk rekkjefølgje, og man følar kanskje at handlinga stoppar opp når man les den. Men avsnitta er knytte til kvarandre på den måten at de alle handlar om det same, nettopp kor sparsam og lite kravstore dei var før i tida.
Stiltonen er prega av det munnlege og dialektprega språket som gjer at innhaldet blir streka under. Verknaden blir at miljøet og personane blir skildra på ein ekte og truverdig måte. Dette gjer historia meir som noko verkeleg som har skjedd enn noko oppdikta.

Den raude tråden i kåseriet blir fylgt gjennom heile kåseriet, der man ifrå start til slutt får høyra korleis jul vart feira i gamle dagar. Det gjer at historia ikkje blir serleg fornya utover i handlinga, der det berre er endra eksemplar og miljø på poenga hans. Det er kanskje dei som er sidespranga, og gjør at man får skaffa assosiasjonar som gjør historia kjedeleg å lese etter eit par avsnitt.

Juleårstida er miljøet i historia som også er eit veldig viktig verkemiddel, som er nødvendig for å få ein naturleg sammeinheng og forståing for teksten. Kåseriet hadde ikkje blitt det same viss han berre hadde fortalt kor mykje mindre materealistisk man var før i tida. Da hadde det sikkert ikkje kunna ha blitt tyda som eit kåseri heller.

Sjølve temaet i kåseriet kan komme av tidsperioden historia blei skrevi på, ettersom det vart skrevi under perioden da industrialiseringa starta for fullt. Det var spesielt mange forfattarar som uttrykte sin framandføling for industriringa gjennom sine tekstar. Ingvar Moe valte kanskje dette temaet for å fortelje oss at man blir ikkje noko meir lykkeleg ved å ha masse pengar og gjenstandar.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst